Samisk avdeling, Sverresborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2017 kl. 22:02 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{thumb|C11796 samisk avdeling (Sverresborg).jpg|Samisk avdeling. Vi ser sommarkåta frå Majavatn i forgrunnen, vinterkåta frå Elgå midt i bakgrunnen, og njallen frå Ve...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Samisk avdeling. Vi ser sommarkåta frå Majavatn i forgrunnen, vinterkåta frå Elgå midt i bakgrunnen, og njallen frå Verrafjella i skråninga til høgre.
Foto: Olve Utne (februar 2014).

Samisk avdelingTrøndelag museum sitt friluftsmuseum på Sverresborg i Trondheim kommune vart etablert i 1930 som ei av dei første samiske avdelingane på norske museum. Bygningane, som alle trulig vart bygd på 1800-talet i det sørsamiske kulturområdet, inkluderer ein to-beint njalle frå Langvatnet i VerrafjellaFosenhalvøya, attreist her i 1933; ei sommarkåte frå MajavatnSør-Helgeland og ei vinterkåte frå Elgå ved Femunden, begge attreist her i 1934; og eit buvrie frå Bjørneheia i Vetterhusbotn i Ytter-Namdalen, attreist her i 1935. Avdelinga var i 2016 under demontering for å gjera klar den nye samiske avdelinga til Tråante 2017 — det samiske 100-årsjubileet for det første store samemøtet, som fann stad i Trondheim.

Galleri

Kjelder