Seljord Billag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(noko formatering)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|080 16256143477 o.jpg|Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes|Seljord Sogelag}}
{{thumb|080 16256143477 o.jpg|Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.|Seljord Sogelag}}
'''[[Seljord Billag]]''' blei skipa på møte i Klokkarstogo i [[Seljord]] 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget ''Seljords Automobillag''. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.
'''[[Seljord Billag]]''' blei skipa på møte i Klokkarstogo i [[Seljord]] 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget ''Seljords Automobillag''. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.



Sideversjonen fra 26. okt. 2016 kl. 09:18

Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.
Foto: Seljord Sogelag

Seljord Billag blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.

Historikk

Den fyrste bilen laget kjøpte var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. I 1923 blei Federalbilen bytt bort med ein Republik. Bilen blei utbygd av snikkar Li på Notodden. «Karosjeriet var noko betre enn det fyrste, men var nokso uvandt tillaga», heiter det i årsmeldinga frå 1938. I 1924 kom jarnbanen til Bø. Det var difor naudsynt å utvide rutetilbodet m.a. for å dekke behovet frå landhandlarane. I 1926 blei det kjøpt inn ein Studebaker-buss. «Bussen var stor og vel utstyrt og vekte mykje åtgaum her uppe. Det var den fyrste i sitt slag.» Billaget dreiv både vare- og turisttrafikk, og frå 1927 fekk dei ansvaret for snobrøytinga på strekninga Bø-Seljord-Flatdal for 1200 kr i året. Bilane vart utstyrt med plogar, men desse vart for veike for snoforholda i Vest-Telemark. Det vart difor gjort avtaler med hesteeigarar langs strekninga dei fyrste åra.

Samanslåing

I 1959 gjekk Seljord Billag saman med Fyresdal Vrådal Nissedal bilrute og Vest-Telemark Billag om samkøyring. I 1972 blei laga slått saman til Vest-Telemark Bilruter L/L. Sentraladministrasjonen blei lagt til Seljord.

Arkivet

Arkivet etter Seljord Billag er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell: Bakke opp og bakke ned, rutebildrift i Vest-Telemark, Skien, 1997.