Seljord Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. okt. 2016 kl. 13:34 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Seljord Billag''' blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget "Seljords Automobillag". Føremålet med laget var "å driva biltrafikk i rute...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Seljord Billag blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget "Seljords Automobillag". Føremålet med laget var "å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur." Torgrim Haugerud blei valt til formann.

Historikk

Den fyrste bilen laget kjøpte var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, "med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt". Før bilen blei satt i rute kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. I 1923 blei Federalbilen bytt bort med ein Republik. Bilen blei utbygd av snikkar Li på Notodden. «Karosjeriet var noko betre enn det fyrste, men var nokso uvandt tillaga», heiter det i årsmeldinga frå 1938. I 1924 kom jarnbanen til Bø. Det var difor naudsynt å utvide rutetilbodet m.a. for å dekke behovet frå landhandlarane. I 1926 blei det kjøpt inn ein Studebaker-buss. «Bussen var stor og vel utstyrt og vekte mykje åtgaum her uppe. Det var den fyrste i sitt slag.» Billaget dreiv både vare- og turisttrafikk, og frå 1927 fekk dei ansvaret for snobrøytinga på strekninga Bø-Seljord Flatdal for 1200 kr. Bilane vart utstyrt med plogar, men desse vart for veike for snoforholda i Vest-Telemark. Det vart difor gjort avtaler med hesteeigarar langs strekninga dei fyrste åra.

Samanslåing

I 1959 gjekk Seljord Billag saman med Fyresdal Vrådal Nissedal bilrute og Vest-Telemark Billag om samkøyring. I 1972 blei laga slått saman til Vest-Telemark Bilruter L/L. Sentraladministrasjonen blei lagt til Seljord.

Arkivet Arkivet etter Seljord Billag er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.