Setesdalswiki

Setesdalswiki er ein wiki om Setesdal i Aust-Agder, og tilknytta stader og emne i omkringliggande områder i Aust- og Vest-Agder. Artiklane omhandlar personar, føretak, organisasjonar, stader og anna med relevans for Setesdal. Den er ope for alle bidragsytarar, og har artiklar på både nynorsk og bokmål.

Logo
Foto: Setesdalswiki

Wikien vart oppretta på privat initiativ etter Setesdalskonferansen i 2009. Det har frå august 2010 vore eit samarbeid med avisa Setesdølen, der oversikter over avisa sitt innhald leggast ut på wikien. I juli 2013 hadde wikien om lag 4300 artiklar. Seinare er det oppretta datoartiklar for alle dagar frå 1. januar 1800 fram til i dag. Talet på artiklar er difor heile 90 200 pr. januar 2019.

Kjelder

Eksterne lenkjer