Severin Aabø

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. jan. 2014 kl. 09:35 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Lærar (frå Norske skulefolk))
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død?) var lærar.

Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.

Som nyutdanna byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland, der han var til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Severin Aabø hadde Statens reisestipend for folkeskulelærarar for å reise til Oslo for å studere teikne- og naturfagundervisning.

Frå 1924 var han skrivar i Rogaland distriktslosje.

Aabø gifte seg i 1916 med Sikke Skeie, fødd 1895 i Hetland. Ho var dotter av bonde Nils Skeie og Serina f. Lunde. Ekteparet Aabø fekk tre søner.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket