Sigrid Besteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. mar. 2016 kl. 19:37 av Siri J (samtale | bidrag) (mellombels, meir kjem)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Sigrid A. Besteland
Ole Birger Lien/Setesdølen
Foto: 25. juni 2011

Sigrid A. Besteland (fødd 13. april 1916) frå Hylestad i Valle kommune er dotter til tradisjonsberaren og spelemannen Andres Knutson Rysstad (1893–1984) og kona Helga Targjeisdotter f. Besteland (1895–1981). I 1951 vigde Sigrid med Knut Niklosson Besteland (1914– ), son av sylvsmeden og bonden Niklos Sigurdsson Helle (1875–1935) og Anne Gunnarsdotter Straume (1879–1943).

Sigrid er det eldste av dei fem borna til Andres og Helga, og det er mykje musikk i slekta hennar. Far hennar var spelemann, nett som far sin Knut Torleivson Åkre frå Valle. Andres var leremesteren til Hallvard T. Bjørgum og far hans Torleiv.

Ho begynte tidleg å spele hardingfele og var med på kappleik i ungdommen, og i 1930-åra spela Sigrid konsert saman med meisterspelemannen og bureisaren Jørgen TjønnstaulRysstad. Når ho ikkje spela var ho i teneste fleire stader i og rundt Kristiansand, og på heia om sommaren. Ein periode arbeidde Sigrid og på Vallarheim Turiststasjon.

I 1951 gifta ho seg med Knut N. Besteland. Dei fekk barna Niklos K. Besteland og Helga Besteland.

Kjelder

Førstehandskjelder
Andre kjelder
  • Bygdebok for Valle kommune, band 1, side 61
  • Cappelens musikkleksikon. 6 : Schweitzer - Åvik: «Spelemenn» s. 131, Oslo : Cappelen, 1980 Mal:Bokhylla
  • Haugsgjerd, Sigurd: «Landskappleik med Jørgen Tjønnstaul: Sigrid (95) spela på konsert med han for 70–80 år sidan», s. 3, Setesdølen 28. juni 2011
  • Lien, Ole Birger: «-Aller mest saknar eg fela!», s. 6, Setesdølen 2015
  • Munnleg informasjon frå sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013
  • «Sigrid Besteland» på Setesdalswiki