Sigrid og Knut: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
Linje 25: Linje 25:
[[Kategori:Pest]]
[[Kategori:Pest]]
[[Kategori:Folkeminne]]
[[Kategori:Folkeminne]]
[[kategori:eventyr og sagn]]
[[Kategori:eventyr og sagn]]
[[Kategori:Tustna]]
[[Kategori:Tustna]]
[[Kategori:Aure kommune]]
[[Kategori:Aure kommune]]
[[Kategori:Viser og sanger]]
[[Kategori:Viser og sanger]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 19. nov. 2023 kl. 00:44

Sigrid og Knut er tittelen på ei vise av bygdadiktaren Jørgen Gravvold (1930-2005) frå Bøverdalen i Surnadal kommuneNordmøre. Visesongaren Kolbjørn Botten (f. 1942) frå Valsøyfjord har sett melodi til visa. I 1981 vart visa sunge inn på LP-plata På gamle tufter av visegruppa Skuggsjå.

Bakgrunn

Visa byggjer på ei segn frå Tustna i Aure kommune. Handlinga i segna er frå 1300-talet, då pesten Svartedauden herja både i Noreg og resten av Europa.

Her er eit samandrag av segna, basert på artikkel frå Nynorsk Wikipedia: Omtrent alle på øya Stabblandet døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.

Viseteksten

Teksten til visa er attgjeve i artikkelen Svartedauden på Tustna

Kjelder og linkar

  • Bæverfjord, Eistein: Skuggsjå Sist vitja: 23.04.12
  • Gravvold, Jørgen (2006): Ville blomstra. Skei (?): Surnadal Heimbygdlag
  • Wikipedia: Tustna Sist vitja: 23.04.12