Sigrid og Knut: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
m (Teksterstatting – «[[Kategori:e» til «[[Kategori:E») |
||
Linje 25: | Linje 25: | ||
[[Kategori:Pest]] | [[Kategori:Pest]] | ||
[[Kategori:Folkeminne]] | [[Kategori:Folkeminne]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Eventyr og sagn]] | ||
[[Kategori:Tustna]] | [[Kategori:Tustna]] | ||
[[Kategori:Aure kommune]] | [[Kategori:Aure kommune]] | ||
[[Kategori:Viser og sanger]] | [[Kategori:Viser og sanger]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 24. nov. 2023 kl. 13:56
Sigrid og Knut er tittelen på ei vise av bygdadiktaren Jørgen Gravvold (1930-2005) frå Bøverdalen i Surnadal kommune på Nordmøre. Visesongaren Kolbjørn Botten (f. 1942) frå Valsøyfjord har sett melodi til visa. I 1981 vart visa sunge inn på LP-plata På gamle tufter av visegruppa Skuggsjå.
Bakgrunn
Visa byggjer på ei segn frå Tustna i Aure kommune. Handlinga i segna er frå 1300-talet, då pesten Svartedauden herja både i Noreg og resten av Europa.
Her er eit samandrag av segna, basert på artikkel frå Nynorsk Wikipedia: Omtrent alle på øya Stabblandet døydde av sotten. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der.
Viseteksten
Teksten til visa er attgjeve i artikkelen Svartedauden på Tustna
Kjelder og linkar
- Bæverfjord, Eistein: Skuggsjå Sist vitja: 23.04.12
- Gravvold, Jørgen (2006): Ville blomstra. Skei (?): Surnadal Heimbygdlag
- Wikipedia: Jørgen Gravvold Sist vitja: 23.04.12
- Wikipedia: Kolbjørn Botten Sist vitja: 23.04.12
- Wikipedia: Tustna Sist vitja: 23.04.12