Sigurd Aarnseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. mai 2014 kl. 14:05 av Kallrustad (samtale | bidrag) (opplysningar fra Norske Skolefolk 1952)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Sigurd Aarnseth (fødd 18. juli 1891 i Åsen i Nord-Trøndelag, død?) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Åsen i noverande Levanger kommune. Venstre-mannen Aarnseth var ordførar i bygda 1938-42 og 1945.

Han var son av lærar J.A. Aarnseth og Gurine f. Fossing. Sigurd Aarnseth tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1916.

Som nyutdanna var han i 1916-17 lærar i Namdalseid, dinest i Melhus (1917-18). I 1918 vart Aarnseth tilsett som lærar i heimbygda Åsen, i noverande Levanger kommune, og kom etter kvart til Vedul krins. Frå 1933 var han òg kyrkjesongar i Åsen.

Sigurd Aarnseth hadde ei lang rekkje med tillitsverv. Han var formann i vegnemnda, prisnemnda, likningsnemnda og overlikningsnemnda, styreformann for Nord-Trøndelag kooperative distriktsforening (1929-33) og Åsen gamleheim, bankrevisor (frå 1924) og kommunerevisor 1924-37. Han var òg soknerådsformann og formann i Åsen Venstre.

27. august 1925 vart han gift med Sofie Mo (1904-?), dotter av stykkjunker Zefanius Mo og Marte f. Buran. Sofie og Sigurd Aarnseth fekk to søner og to døtrer.

Kilder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket