Sigurd Blekastad: Forskjell mellom sideversjoner

m
-whitespace, +lenker
(Litteraturlista)
m (-whitespace, +lenker)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Sigurd Blekastad]]''' (fødd i [[Sel]] 24. mai 1848, død same stad  31. juli 1897) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for [[Venstre]] 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898.</onlyinclude>  
<onlyinclude>'''[[Sigurd Blekastad]]''' (fødd i [[Sel]] [[24. mai]] [[1848]], død same stad  [[31. juli]] [[1897]]) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for [[Venstre]] 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898.</onlyinclude>  
 
== Familien ==
== Familien ==
Han var fødd og oppvaksen på garden [[Blekastad]] i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.  

Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om [[Ivar Blekastad]].

Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i [[Nes]] på [[Romerike]].  

== Ungdomstid og utdanningsveg ==
== Ungdomstid og utdanningsveg ==
Etter allmugeskolen gjekk han på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskole på [[Romundgard]] på Sel vinteren 1868-1869.  Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule og folkehøgskulemannen [[Christen Kold]].  

Linje 19: Linje 15:

I Gausdal vart han kjend med [[Bjørnstjerne Bjørnson]], og byrja som huslærar på [[Aulestad]] hausten 1872. Det var her han vart kjend med Lina, som var tilsett i huset. Da han kom ut etter endt soning på Akershus, vart Blekastad henta av familien Bjørnson i hest og vogn og feira på ein fest som Bjørnson hadde arrangert om kvelden. Det var også på Aulestad at Sigurd og Lina hadde bryllaupsfesten sin i 1876.

== Landhandlar og hotelleigar ==
== Landhandlar og hotelleigar ==
Sigurd og broren Ivar hadde saman drive ei krambu på eigedomen [[Mostugu]] på [[Otta]] alt frå slutten av 1860-åra. Da Sigurd gifta seg, vart det til at han overtok handelsverksemda aleine. Han dreiv så som forretningsmann på Otta så lenge han levde. Han bygde nytt og større hus, og starta hotelldrift attåt butikken. Rundt 1895 reiste han enda ein bygning, det som i dag er [[Engers boktrykkeri]]. Der heldt han fram med hotelldrifta, det fyrste [[Otta hotell]], medan han også dreiv butikk i fyrste etasjen i same bygget. Utsiktene til å gjere det bra med hotelldrift var gode sidan jernbanen kom til Otta i 1896, med stasjonen rett ved eigedomen til Blekastad.

== Politikaren ==
== Politikaren ==
Sigurd Blekastad var aktiv i det kommunale livet i Sel. Han kom i heradsstyret i 1878. Allereie året etter vart han andre varamann til Stortinget for [[Kristians amt]]. I 1882 vart han stortingsmann.  

Linje 35: Linje 27:

I 1893 la Blekastad fram eit forslag om å innføre norsk flagg utan unionsmerke. Dette vart utgangspunktet for det endelege vedtaket om det reine flagget i 1898.

== Litteratur og kjelder ==
== Litteratur og kjelder ==
* Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1968'', utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.

* [http://www.bredebygden.com/Garder/Blekastad/blekastad.html Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside]

Linje 44: Linje 34:
* Koht, Halvdan: «Blekastad, Sigurd» i ''Norsk biografisk leksikon'', band 2, Oslo 1925.

* Pryhn, Dag Erik: «Stortingsmannen Sigurd Blekastad», i ''Otta gjennom 100 år 1896-1996''. Utg. av Sel Historielag 1996.

[[Kategori:Personer fra Sel kommune]]
[[Kategori:Personer fra Sel kommune]]
Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer