Sivert Aarflot-museet

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jan. 2016 kl. 10:17 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Sivert Aarflot-museet er eit personhistorisk museum for folkeopplysaren, Sivert Knudsen Aarflot. Museet opna på Ekset i Volda 23. august 1959, i høve 200-årsjubileet for Siverts fødsel. Museet er ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum.

Museet formidlar det omfattande livsverket til Sivert Aarflot og historia om det fyrste trykkeriet på landsbygda i Noreg. I samlinga finst mellom anna trykkeriutstyr som han sjølv nytta i verksemda frå 1809 og fram over.

Sivert Aarflot-arkivet omfattar over 2000 originaldokument etter Sivert Aarflot, Rasmus S. Aarflot og Mauritz A. Aarflot. Arkivet er deponert i Aasen-tunet frå 2000.

Galleri

Kjelder

Koordinater: 62.162075° N 6.03177° Ø