Sjursmess

Sjursmess(e) eller sjursmess(e)dagen er ein merkedag som fell på 23. desember. Dagen blir tradisjonelt markert i Trøndelag med Nordmøre så vel som i Jämtland og Härjedalen og i Nordland. Dagen har ikkje utgangspunkt i nokon helgen kanonisert av den katolske kyrkja, og vi veit ikkje sikkert kven dagen skal markere. Hypotesane inkluderer Sigurd, hirdbiskopen til Olav Haraldsson, som òg blir rekna som første lydbiskopen i Trondheimen — forløparen til Nidaros bispedømme; Sigurd jorsalfar; Sigurd Eindridesson, erkebiskop i Nidaros 1231–1252; og Sigurd fåvnesbane. På denne dagen var det gjerne skikken å gjera det siste grovarbeidet føre jula. Av vêrmerke kan det nemnast frå fleire plassar i Trøndelag at om det var mildvêr og regn denne dagen, så varsla det eit godt år.

Namnevariantar

Namnevariantar inkluderer sjursmessda'n (vanleg i Trøndelag og på Nordmøre), sjursmässda'n (Jämtland), sjursmøssda'n (Oppdal og Nordmøre), skursmäss (Jämtland 1795) og den humoristiske skjulmessda'n. Det kan òg bli snakka om Sjur med spaden (Rissa) og Sjur oppi mura (Røyrvik).

Tradisjonar og skikkar

Kjelder

Sjå òg