Skarpmoen (Rollag)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. nov. 2019 kl. 15:24 av Niillas4 (samtale | bidrag) (Ny side: Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Lågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Ein gong i tida har Skarpmoen vore ein samla gard og gran…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Lågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Ein gong i tida har Skarpmoen vore ein samla gard og grannegarden Asbjørnrud (gardsnummer 46) har også høyrt saman med Skarpmoen. På langmarka hadde Skarpmo-gardane og Asbjørnrud sameige fram til utskiftinga som tok til i 1926 og vart avslutta i 1935 [1]. Mot nord har Skarpmoen såleis grensa mot Tråen, og mot sud grensar garden mot Bjørge. I dag er det tre gardsbruk på den gamle Skarpmo-eiga, Nedre Skarpmoen (bruksnummer 1), Øvre Skarpmoen (bruksnummer 3) og Mogan (bruksnummer 4, 5 og 6). Garden vart tidleg delt i to jamstore bruk Fyrste gongen ein finn Skarpmoen nemnt i eit diplom, er i 1563, «i Skarpemoo» [2]. I diplomet er det snakk om «Skarpemoo-sørgarden» og garden må ha vore delt i. Det er lite sannsynleg at garden har vore delt i tida mellom Svartedauden og 1658, så mest truleg har det vore to bruk alt i tida før Svartedauden. I dag nyttar ein nemningane Nedre og Øvre Skarpmoen, tidlegare har ein også kalt dei to bruka ‘nordre’ (i dag ‘nedre’) og ’søndre’ (i dag ‘øvre’) (m.a. i eit dokument frå 1686) og nedre Skarpmoen har óg vore kalla ‘vestre’ (m.a. i skattematrikkelen 1647) [3] Den tidlegare husmannsplassen Kleiv vart skild frå Nedre Skarpmoen i 1825 med bruksnummer 2. [4] Kleiv vart seld til eigarane av Nedre Skarpmoen i 1918 og dei to bruksnummera vart samla på same hand. Øvre Skarpmoen vart delt i to like delar mellom to brør i 1846. Det gamle hovudbølet vart kalla Øvre Skarpmoen og det nye bruket fekk namnet Mogan (bruksummer 4, 5 og 6). Det har også vore skilde ut ein del byggjetomter frå gardane. I dag er den gamle Skarpmo-eiga delt i 12 bruksnummer. [5] Jord- og skogbruk har vore hovudnæringanene, men folk på dei tre gardane har også hatt andre yrke ved sida av gards-og skogsdrift. På Øvre Skarpmoen har det vore fleire kjende smedar og særleg Nils Narvesson Skarpmoen (1832-1915) var kjend som ein dyktig ljåsmed [6] På Nedre Skarpmoen vart det etablert eit gardsbakeri 2006) [7], og det vert drive med gardsturisme der . Etter at Mogan vart seld ut av den gamle slekta på Øvre Skarpmoen, vart garden driven av klokkaren i Rollag, Halvor Bjørnsrud. Halvor Bjørnsrud har skrive fleire bøker med lokalhistoriske emne. [8].Mot slutten av 1800-talet var det fleire av ungane på Skarpmoen som forlet bygda og busette seg andre stader og det vart meir vanleg at dei fekk yrke i andre næringar enn landbruket. Av dei ni søskena som var fødde på Øvre Skarpmoen mellom

På Øvre og Nedre Skarpmoen er det fleire gamle bygningar. Begge gardane har gammal mønsåstove frå om lag 1640.( Granum, Svein Knut (red.) (1995): Norske gardsbruk. Buskerud fylke, bd. 4.: Flesberg, Kongsberg, Nore og Uvdal, Rollag, Sigdal, s. 623. Krøderen: Forlaget S. K. Granum.). Gamlestova på Øvre Skarpmoen har vore bygd om fleire gonger ( Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14 21. På Nedre Skarpmoen er det to gamle stabbur, eit av dei har dei delar frå mellomalderen, fyrst og fremst døra i fyrste høgda, men sjølve stabburet er truleg oppført tidleg på 1700-talet. Berg, Arne (1990): Norske tømmerhus frå mellomalderen. Bd. 2, s. 75. Oslo: Landbruksforlaget. Også på Øvre Skarpmoen er det eit gammalt stabbur. Nedre og Øvre Skarpmoen, Mogan og Asbjørnrud har hatt sams langseter, Hølsetre. Det var tre vollar der, men gardane skifte mellom å vera på langsetra om sommaren etter ei fast ordning. Fyrste året bruka Nedre Skarpmoen setra, andre året Øvre Skarpmoen og Mogan og tredje året var det Asbjørnrud som bruka langsetra. Gardane har kvar si heimeseter. ( Tidlegare låg langsetra litt lenger vest, ved Gamlevolltjønnan. Vegetasjonen på staden tyder på at seterdrifta ved Gamlevolltjønnan opphøyrde kring 1750 (Storaunet, Ken Olaf, Jørund Rolstad og Målfrid Toeneiet, Skogforsk.Urskog eller kulturskog – skogshistorikk i Gamlevolltjønnan i Trillemarka. . I Aktuelt fra skogforskningen 5/04, s. 27-s. 32. Minnet om denne setra lever framleis . Narve Skarpmoen (1929-2016) har fortalt denne segma til Olav Traaen (f. 1956): «Det fortelles at setra ble nedlagt fordi huldrefolket ikke likte at setra lå der under åsen ved Gamlevolltjønn. De lagde så mye leven for både folk og fe at seterfolket en sommer måtte flykte hjem igjen til gården Skarpmoen i Rollag. Men så var det en soldat på gården som ikke ville tro på at det var huldrefolket som laget slikt leven om nettene. Han var ikke redd, sa han, og ville til setra for å finne ut av dette. Han var sikker på at ståket om nettene hadde en naturlig forklaring. Tidlig neste morgen kom mannen ned igjen til gården. Om natta hadde det blitt kastet en stor stein gjennom taket på seterbua. Så hadde huldrefolket kommet inn i bua og kasta mannen ut og langt bort på vollen. Da hadde han blitt så redd at han sprang hjem. Setra ble flyttet etter dette (til Hølsetra), og siden var det ikke seterdrift her.» KULTURMINNER OG KULTURHISTORIE I TRILLEMARKA-ROLLAGSFJELL NATURRESERVAT Kilde til kunnskap, kilde til opplevelse. Utgjeve av Forvaltningsstyret for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. 2012

Det harv vore fem husmannsplassar på Skarpmo-eiga, to til Nedre Skarpmoen, Kleiv og Rykkinn, og tre til Øvre Skarpmoen, Hølet og Hefte og ein plass ein ikkje kjenner namnet på i dag. . Den kjende klokkaren i Rollag, Knud Carlsen (1809-1889) var fødd på plassen Hefte. Mora døydde 10-12 veker eter at Knud var fødd og han kom på legd i 3-4 års alderen. Husmannsdrifta var avvikla på alle plassane før 1875.

  1. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14, 21 og 34.
  2. Rygh, Oluf (19019): Norske gaardnavne, bd. 5, Buskeruds Amt, s.436. Kristiania: Fabritius
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14.
  4. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14
  5. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3.
  6. Tråen, Even: Ljåsmiing i Numedal, s. 66. ISBN 978-82-690897-0-7
  7. https://www.mollas.no/mollas.pdf
  8. https://www.nb.no/nbsok/search?searchString=namecreators:%22Bj%C3%B8rnsrud,%20Halvor%20H.%22&page=0