Skarpmoen (Rollag)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skarpmoen
Skarpmoen, Rollag Numedal - no-nb digifoto 20160229 00265 NB NS NM 08209.jpg
Øvre Skarpmoen. Dette er truleg det eldste tunet på Skarpmo-eiga. Biletet er teke av Narve Skarpmoen ein gong rundt 1905. Guten som ser ut over garden, er Nils Julian Skarpmoen (1901–1940), son åt fotografen. Huset som ein berre ser taket på rett ned for guten, er eldhuset på garden. Nedanfor eldhuset ligg smia. Til høgre for smia ligg stabbur, fjøs og låve.
Fylke: Buskerud
Kommune: Rollag
Gnr.: 47

Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Numedalslågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Gardsnamnet er forklart slik: «Første Led sigter til Jordbundens Magerhed: her er haard og skarp Mark.» [1]

Lause kulturminne

Det er funne fleire gjenstandar på Skarpmo-eiga som vitnar om menneskeleg aktivitet her i lang tid attende. For lang tid sidan vart det funne ei flintøks utan skafthol og eit par bronsespenner på eit av jorda. Desse gjenstandane veit ein ikkje kor er i dag. Universitetets oldsakssamling har ein spjutspiss med mothakar frå eldre jarnalder som er funnen på Skarpmoen.[2] I nyare tid har Narve Skarpmoen (1929–2016) funne ei steinklubbe utan skafthol på botnen av ei steinur på Øvre Skarpmoen.[3] Våren 1967 fann den daverande eigaren av Mogan, Hallvard Bjørnsrud (1915–1995), ei steinøks på garden. Denne øksa er i dag på Lågdalsmuseet på Kongsberg.[4] Knut Hoff seier at desse funna vitnar om "utgamal busetnad" og om "menneskeleg verksemd så tidleg som i yngre steinalder".[2][5] 

Bruksnummer

Ein gong i tida har matrikkelgarden Skarpmoen vore ein samla gard, og grannegarden Asbjørnrud (gardsnummer 46) har også høyrt saman med Skarpmoen. I langmorka hadde Skarpmo-gardane og Asbjørnrud sameige fram til utskiftinga som tok til i 1926 og vart avslutta i 1935.[6] Mot nord har Skarpmoen såleis grensa mot Tråen, og mot sud grensar garden mot Bjørge. I dag har matrikkelgarden Skarpmoen tre gardsbruk, Nedre Skarpmoen (bruksnummer 1), Øvre Skarpmoen (bruksnummer 3) og Mogan (bruksnummer 4, 5 og 6). Skarpmoen vart tidleg delt i to jamstore bruk. Fyrste gongen ein finn Skarpmoen nemnt i eit diplom, er i 1563, «i Skarpemoo».[1] I diplomet er det snakk om «Skarpemoo-sørgarden», og garden må ha vore delt før 1563. Det er lite sannsynleg at garden har vorte delt i tida mellom Svartedauden og 1563, så mest truleg har det vore to bruk alt i tida før Svartedauden. I dag nyttar ein nemningane Nedre og Øvre Skarpmoen, tidlegare har ein også kalt dei to bruka ‘nordre’ (i dag ‘nedre’) og ’søndre’ (i dag ‘øvre’) (m.a. i eit dokument frå 1686) og nedre Skarpmoen har òg vore kalla ‘vestre’ (m.a. i skattematrikkelen 1647).[7] Den tidlegare husmannsplassen Kleiv vart skild frå Nedre Skarpmoen i 1825 med bruksnummer 2.[7] Kleiv vart seld til eigarane av Nedre Skarpmoen i 1918 og dei to bruksnummera vart samla på same hand. Seinare har dei to bruka vorte skilde, og i dag (2020) er det ulike eigarar av Nedre Skarpmoen og Kleiv. Øvre Skarpmoen vart delt i to like delar mellom to brør i 1846. Det gamle hovudbølet vart kalla Øvre Skarpmoen og det nye bruket fekk namnet Mogan (bruksummer 4, 5 og 6). Det har også vore skilt ut ein del byggjetomter frå gardane. I dag (2020) er den gamle Skarpmo-eiga delt i 12 bruksnummer.[8]

Fotografen Narve Skarpmoen med hardingfele.
Foto: Sjølvportrett

Folk på garden

Nedre Skarpmoen har vore i same ætts eige sidan 1833. I dag (2019) er det sjuande generasjon som sit på garden.  Øvre Skarpmoen kom inn i den ætta som sit der i dag, i 1779. Noverande eigar, Simen Skarpmoen, representerer åttande generasjon på garden (2021).[9] Gunhild Nilsdotter frå Øvre Skarpmoen vart gift med bonden på Nedre Skarpmoen, Arne Knutsson, i 1887 så familiane på dei to gardane er i slekt.[10] Mogan vart kjøpt av Halvor Bjørnsrud frå Uvdal i 1924.[11] I dag (2019)  er det tredje generasjon av den ætta som har garden. Jord- og skogbruk har vore hovudnæringane for folk på Skarpmo-gardane, men dei har også hatt andre yrke og interesser ved sida av gards-og skogsdrift. På Øvre Skarpmoen har det vore fleire kjende smedar, og særleg Nils Narvesson Skarpmoen (1832–1915) var kjend som ein dyktig ljåsmed[12] Liv Skarpmoen (1839–1910) som gifta seg til Øvre Skarpmoen i 1863, tilhøyrde ei slekt i Nore med sterk interesse for folkemusikk og fleire gode songarar som er kjende for religiøse folketonar.[13] Sonen hennar, fotografen Narve Skarpmoen, spela hardingfele, og i folketeljinga for 1891 er  han registrert med «Violinspil for egen regning» som yrke.[14] Interesse for og kunnskap om folkemusikk, særleg hardingfelespel, har levt vidare på garden.[15] På Nedre Skarpmoen vart det etablert eit gardsbakeri i 2006,[16] og det vert drive med gardsturisme der. Mogan vart kjøpt av lærar og kyrkjesongar i Rollag, Halvor Bjørnsrud. Halvor Bjørnsrud har skrive fleire bøker med lokalhistoriske emne.[17]

Mot slutten av 1800-talet var det fleire frå Skarpmoen som forlét bygda og busette seg andre stader, og det vart meir vanleg at dei fekk yrke i andre næringar enn landbruket. Av dei ni søskena på Øvre Skarpmoen som var fødde mellom 1864 og 1885, utvandra tre til Amerika, ein busette seg i Oslo (fotografen Narve Skarpmoen), ei vart jordmor i Dagali, ei flutte til Sandsvær, to vart gardkoner på grannegardane Nedre Skarpmoen og Asbjørnrud og eine sonen overtok garden.

Inne i mønsåsstova på Nedre Skarpmoen i tida rett etter år 1900.

Bygningar

På Øvre og Nedre Skarpmoen er det fleire gamle bygningar. Begge gardane har gammal mønsåsstove. I "Norske Gardsbruk" (1995) står det at desse stovene er frå om lag 1640.[18] Johan Meyer skriv: "Den nuværende mønsåsstue på nedre Skarpmoen synes å være opført omkring 1750.[19] Gamlestova på Øvre Skarpmoen har vore bygd om fleire gonger.[20] På Nedre Skarpmoen er det to gamle stabbur, eitt av dei har delar frå mellomalderen, fyrst og fremst døra i fyrste høgda, men sjølve stabburet er truleg oppført tidleg på 1700-talet.[21][18]

Setrar

Nedre og Øvre Skarpmoen, Mogan og Asbjørnrud har hatt sams langseter, Hølsetre. Det var tre vollar der, men gardane skifte mellom å vera på langsetra om sommaren etter ei fast ordning. Fyrste året bruka Nedre Skarpmoen setra, andre året Øvre Skarpmoen og Mogan og tredje året var det Asbjørnrud som bruka langsetra. Tidlegare låg langsetra litt lenger vest, ved Gamlevolltjønnan. Vegetasjonen på staden tyder på at seterdrifta ved Gamlevolltjønnan opphøyrde kring 1750.[22] Minnet om denne setra lever framleis. Narve Skarpmoen (1929–2016) har fortalt denne segna til Olav Traaen (f. 1956): «Det fortelles at setra ble nedlagt fordi huldrefolket ikke likte at setra lå der under åsen ved Gamlevolltjønn. De lagde så mye leven for både folk og fe at seterfolket en sommer måtte flykte hjem igjen til gården Skarpmoen i Rollag. Men så var det en soldat på gården som ikke ville tro på at det var huldrefolket som laget slikt leven om nettene. Han var ikke redd, sa han, og ville til setra for å finne ut av dette. Han var sikker på at ståket om nettene hadde en naturlig forklaring. Tidlig neste morgen kom mannen ned igjen til gården. Om natta hadde det blitt kastet en stor stein gjennom taket på seterbua. Så hadde huldrefolket kommet inn i bua og kasta mannen ut og langt bort på vollen. Da hadde han blitt så redd at han sprang hjem. Setra ble flyttet etter dette (til Hølsetra), og siden var det ikke seterdrift her.»[23] Gardane har kvar si heimseter.

Bearbeiding av lin ved badstova i Kleiv 1927. Frå venstre Gunhild K. Kleiv (1843-1931), Gunhild . Formo (f. Kleiv) 1881-1975) og Gunhild N. Skarpmoen (1866-1955).
Foto: Narve Skarpmoen

Husmannsplassar

Det har vore fem husmannsplassar på Skarpmo-eiga, to til Nedre Skarpmoen, Kleiv og Rykkinn, og tre til Øvre Skarpmoen, Hølet og Hefte og ein plass ein ikkje kjenner namnet på i dag. Den kjende klokkaren i Rollag, Knud Carlsen (1809–1889) var fødd på plassen Hefte. Mora døydde 12 veker etter at Knud var fødd, og han kom på legd i 3-4 års alderen. Husmannsdrifta vart avvikla på alle plassane før 1875.

Nils L. Skarpmoen (1918–1989) på Øvre Skarpmoen og Arne A. Aasen (1917–2000) på Nedre Skarpmoen ved Øvre Bikkjetjønn i Skarpmomorka
Foto: Rollag bygdearkiv

Namn

Vi treng å kunna fortelja om stader og objekt i naturen slik at andre veit kva vi talar om. På Skarpmo-eiga finn vi namnsette objekt og stader heilt frå Numedalslågen i vest til delet mot Sigdal i aust. I innmarka er det sett namn på slåttemarker (som Marslåtten), åkrar (som Framåkeren), vollar (som Røytevollen), myrar (Deilesmyr, Saksemyr), formasjonar i landskapet (som Deilesrabben, Vårfjøsbakken) og vasskjelder (Pilølla, Eldhusølla). Eit berg ved tunet på Øvre Skapmoen har vore kalla Stelleberget av di ungane leika der. Ettersom utmarka var sams for dei to matrikkelgardane Skarpmoen og Asbjørnrud fram til 1935, er det nærliggjande å sjå heile dette området under eitt når det gjeld namn. I utmarka austover mot Sigdals-delet finn vi fyrst myrar og åsar (Styggemyr, Myre, Storemyr Kaståsen, Hølaåsen, Levoråsen og Surtekøsåsen). I utmarka finn vi ei rekkje kaser, eintalsforma er kos i skriftmålet. I bygdemålet er ubunden eintalsform ‘ei køs', bunden eintalsform er ‘køse’, ubunden fleirtalsform ‘køsir’ og bunden fleirtalsform ‘køsin’. Ordet kos har ulike tydingar. I Rollag har tydinga vore: ‘jordstykke som vart førebudd til såing ved å brenna kos’[24]. Vi finn Surtekøs, Skørrakøs, Løtakøs og Gamlekøsin på Skarpmoe-eiga. Vest for heimsetra ligg Brennebergåsen og Ingridsåsen på Skarpmo- og Bjørge-eige. I utmarka finn vi og namn på gamle husmannsplassar, Kleiv, Hefte og Hølet og heimsetra, Skarpmo-setre med tre setervollar. Austover frå heimsetra går det oppover i høgda og vi finn namn på  høgder som Veslehovda, Hovda og Steinfjellet. Seterfjellet ligg både på Asbjørnrud- og Trå-eige. Her finn vi også ein del tjørner, Narvestjønn, Ambjørgtjønn, Søre Geiteskaltjønn på Trå-eige og Asbjørnrud-eige, Bikkjetjønnan, Breiva og Gamlevolltjønnan. I denne delen av Skarpmo-morka ligg dei to gamle setervollane, Gamlevollsetre og Hølsetre. Når vi nærmar oss Sigdals-delet, går det nedover att mot Grunntjønn, tjørna på delet mellom Sigdal og Rollag. Lia ned mot Grunntjønn heiter Grunntjønnlie. På delet mellom Skarpmo-morka og Bjørge-morka ligg Deilestangen.

Mange av namna fortel om korleis lokalitetane har vorte nytta, både i innmark og utmark. Dette gjeld namn på dyrka mark og setrar. Andre namn fortel om tilhøve mellom menneske som har butt på gardane og naturen ved at fyrstelekken i stadnamnet er namn på ein person. Dette gjeld Ambjørgtjønn, Narvestjønn, Levoråsen og Ingridsåsen. Ingridsåsen ligg i Skarpmo-morka og Bjørge-morka. Knut Hoff skriv at Ingridsåsen har namn etter Ingid Knutsdotter, dotter av løytnantsdrengen Knut Øyanhaugen i Nore og syster til dei kjende spelemennene som vart kalla løytnantsdrengene. Ho budde i plassen Myra under Tørrhaug og "dreiv med lauving (kjerving og risping) der".[11] Andre namn fortel om grenser mellom eigedomar. Både nede ved Numedalslågen og ved Grunntjønn finn vi namn der fyrstelekken er ‘Deiles-‘, Deilesrabben på skiljet mellom Bjørge og Mogan ved Numedalslågen, Deilesmyr nede ved Lågen ved skiljet mot Tråen og Deilestangen ved skiljet mellom Bjørge-morka og Skarpmo-morka ved Grunntjønn.  Andre namn fortell om korleis tilhøva har vore tidlegare. Dette gjeld Gamlevollsetre og Gamlevolltjønnan og Gamlekøsin.Eit kart som er oppmålt i åra 1791-1797, syner at Gamlevolltjønnan tidlegare vart kalla Volltjønnan.[22] Det er truleg at lekken ‘Gamle-‘ vart lagd til ei stund etter at langsetra vart flytt austover. Den nye langsetra vart kalla Hølsetre. Dei fleste av dei namna som er nemnde her, finn ein på Kartverket sine sider.[25]

Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat

5. desember 2008 vart Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat oppretta. Naturreservatet er på om lag 148 km2 og ligg i Sigdal, Rollag og Nore og Uvdal kommunar i Buskerud. Naturreservatet omfatter dei tidlegare naturreservata Trillemarka og Heimseteråsen som vart verna i 2002.[26][27] Eit større utmarksområde aust i Rollag gjekk også inn som ein del av det nye naturreservatet. Det har ikkje vore bruka noko namn på heile det området i Rollag som ligg i naturreservatet. Rollagsfjell er ikkje eit namn som det finst historisk belegg for,[28] men er i dag nytta som ein del av namnet på naturreservatet. Det er mykje gamal naturskog med eit urørt preg i naturreservatet. Skogen har gode førekomstar av daud ved og her lever mange raudlisteartar. Også på setervollane i området finn ein raudlisteartar.[29]

I eit naturreservat skal naturverdiane gå foran andre interesser. Vernet skal likevel ikkje setja grenser for bruken dersom det ikkje går ut over verneverdiane.[30] Det meste av Skarpmo-morka aust for heimsetrene ligg i dette naturreservatet.[31] I denne delen av Skarpmo-morka er det mykje gamal skog og sør for Gamlevolltjønnan er det registrert to graner på 456 år og 407 år (2003).[32] Nordaust for Gamlevolltjønnan, i Tråmorka, veks den eldste registrerte levande grana i Noreg, Minneskleivgrana. I 2003 vart ho registrert til å vera 479 år gamal.[33]

Referansar

  1. 1,0 1,1 Rygh, Oluf (1909): Norske Gaardnavne, bd. 5, Buskeruds Amt, s.436. Kristiania: Fabritius
  2. 2,0 2,1 Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 13.
  3. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 28.
  4. https://flesberg.samlinger.no/items/show/7650
  5. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 35.
  6. Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14, 21 og 34.
  7. 7,0 7,1 Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14.
  8. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3.
  9. Grunnboksinformasjon frå Statens kartverk, henta 7.11.2021
  10. https://media.digitalarkivet.no/view/4197/129
  11. 11,0 11,1 Hoff, Knut (u.å.): Rollag Bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 37.
  12. Tråen, Even: Ljåsmiing i Numedal, s. 66. ISBN 978-82-690897-0-7
  13. Anne Svånaug Haugan (2011): Takt og tonar. Soga om folkdansen og folkemusikken i Numedal, ISBN 9788291715100. Prestfoss: Folkemusikksenteret i Buskerud, s. 151
  14. https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052797000112
  15. https://www.yumpu.com/no/document/read/18257914/biografi-over-folkemusikarar-og-dansarar-i-numedal, s. 144
  16. https://www.mollas.no/mollas.pdf
  17. https://www.nb.no/nbsok/search?searchString=namecreators:%22Bj%C3%B8rnsrud,%20Halvor%20H.%22&page=0
  18. 18,0 18,1 Norske Gardsbruk - Buskerud fylke 4, Krøderen 1995. Digital versjonNettbiblioteket, s. 623.
  19. Johan Meyer (1978): Fortids kunst i Norges bygder : II : Numedal Veggli, Rollag,Flesberg, Svene og Lyngdal, s. 10. Nasjonalforlaget.
  20. Hoff, Knut (u.å.): Rollag bygdebok. Ætt og gard og grend, bd. 3, s. 14 og 21.
  21. Berg, Arne (1990): Norske tømmerhus frå mellomalderen. Bd. 2, s. 75. Oslo: Landbruksforlaget
  22. 22,0 22,1 Storaunet, Ken Olaf, Jørund Rolstad og Målfrid Toeneiet, Skogforsk.Urskog eller kulturskog – skogshistorikk i Gamlevolltjønnan i Trillemarka. . I Aktuelt fra skogforskningen 5/04, s. 27-s. 32.
  23. KULTURMINNER OG KULTURHISTORIE I TRILLEMARKA-ROLLAGSFJELL NATURRESERVAT Kilde til kunnskap, kilde til opplevelse. Utgjeve av Forvaltningsstyret for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat. 2012.
  24. Norsk Ordbok, bd. VI, 2007,  sp. 969
  25. https://www.norgeskart.no/?_ga=2.90556378.1184022113.1578918433-1503780844.1576086538#!?project=norgeskart&layers=1002&zoom=13&lat=6665379.70&lon=181194.47&sok=Rollagsvegen&markerLat=6664993.597629348&markerLon=181263.2239583333&panel=searchOptionsPanel
  26. https://naturvernforbundet.no/buskerud/nyheter/trillemarka-rollagsfjell-naturreservat-article30526-1264.html
  27. https://www.trillemarkarollagsfjell.no/files/pdf/forvaltningsplan-tr-jan2014endelig1.pdf
  28. http://trillemarka.no/fakta/kultur.htm
  29. https://www.trillemarkarollagsfjell.no/files/pdf/forvaltningsplan-tr-jan2014endelig1.pdf
  30. https://www.trillemarkarollagsfjell.no/files/pdf/forvaltningsplan-tr-jan2014endelig1.pdf
  31. file:///C:/Users/nilsd/Downloads/Trillemarka-Rollagsfjell_A3_S_2020_06_23%20(1).pdf
  32. https://www.naturarkivet.no/sokeresultat/imagesrawitem/picturedetail/24849?target=modal
  33. http://trillemarka.no/vern/art55.htm