Gunhild Skarpmoen (1866–1955)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunhild Nildsdotter Skarpmoen framfor hovudbygningen på Nedre Skarpmoen
Foto: Rollag kommunes bygdearkiv
Bearbeiding av lin ved badstova i Kleiv 1927. Frå venstre Gunhild K. Kleiv (1843-1931), Gunhild . Formo (f. Kleiv) 1881-1975) og Gunhild N. Skarpmoen (1866-1955).
Foto: Narve Skarpmoen

Gunhild Nilsdotter Skarpmoen (fødd på Øvre Skarpmoen i Rollag 25. juli 1866, død på Nedre Skarpmoen 7. desember 1955)[1] var gardkone. Bygdemålsuttalen av namnet var Gonel

Ho var dotter av Nils Narvesson Skarpmoen(1832–1915) på Øvre Skarpmoen og Liv Simensdotter Skarpmoen, (fødd i Tråsåvikje i Nore 1839, død på Øvre Skarpmoen 1910).

Gunhild Nilsdotter vart gift med einaste barnet på grannegarden Nedre Skarpmoen, Arne Knutsson Skarpmoen (1861–1930) i 1887, Arne Knutsson var sonen til Sigrid Gulbrandsdotter Skarpmoen (1834–1935) og Knut Arnesson Skarpmoen (1836–1922). Namnet Arne vart uttala Åne.Dei hadde to barn Sigrid (1887–1977) og Knut (1890). Knut døydde før han var ein månad gammal. Sigrid tok over garden saman med ektemannen Anton Aasen frå Sigdal i 1924. Etter det levde Gunhild og Arne som føderådsfolk på garden resten av livet. I dag (2022) er det eit av tippoldeborna deira som eig og driv garden.

Gunhild Skarpmoen vart mykje nytta som fadder i Rollag. I åra frå 1897 til 1929 er ho ført som fadder til 63 dåpsborn i Rollag. Berre få av desse var nære slektningar av henne. Gunhild Skarpmoen var fadder til søner og døtrer av både gardbrukarar, husmenn og arbeidarar og ho stod fadder både til born som var fødde i ekteskap og utanfor ekteskap og både til born av foreldre frå bygda og born av innflyttarar.

Som gardkone hadde Gunhild ansvaret for husstell og fjøsstell på garden.

Gunhild døydde i 1956. Ho vart gravlagd på kyrkjegarden i Rollag.

Referansar