Skifjord skule: Forskjell mellom sideversjoner
(korr.) |
Sigrun Espe (samtale | bidrag) mIngen redigeringsforklaring |
||
Linje 18: | Linje 18: | ||
===Ikkje-prenta kjelder=== | ===Ikkje-prenta kjelder=== | ||
{{artikkelkoord|61 | {{artikkelkoord|61.241861|N|5.116556|E}} | ||
[[Kategori:Hyllestad kommune]] | [[Kategori:Hyllestad kommune]] | ||
[[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]] | [[Kategori:Skulehistorie i Sogn og Fjordane]] | ||
[[Kategori:Skolebygninger]] | [[Kategori:Skolebygninger]] |
Sideversjonen fra 1. apr. 2016 kl. 07:38
Skifjord skule ligg på Bjørnestad i Skifjorden i Hyllestad kommune.
Skulekrins
I 1965 vart Borsholm krins og Skifjord krins slegne saman, med skulestad Skifjorden. Dette skulehuset fungerte som skule fram til 1993. Frå skuleåret 1993/94 vart Skifjord krins slegen saman med Øen krins, og elevane vart flytta over til Øen skule.
Skulehus
Skifjord skule vart opna i 1955. Før dette vart det halde skule i Skifjord bedehus. Grunnen der skulen står, vart kjøpt allereie i 1947, men først i 1953 starta arbeidet med å bygge skulehuset.
Anna bruksområde
I nokre år på 1990-talet dreiv Skifjord husmorlag privat barnehage i huset. Etter at Skifjord grendalag overtok huset, er det bygd eit tilbygg i aust, på 3,6m x 6,3m, som inneheld nytt kjøkken.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Heim og skule, Nr 1, April 1956
Digitale kjelder
Tidlegare Skifjord skule, Kulturminnesok.no