Skifjord bedehus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skifjord bedehus
Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune.

Skulehuset

Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.

Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen.

Kjelder

Digitale kjelder

Kleppa, Hermund (2011) Skifjord bedehus

Ikkje-prenta kjelder

  • Astrid Waage

Koordinater: 61.241778° N 5.114139° Ø