Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

(→‎Grendeinndeling: Omredigering)
Linje 85: Linje 85:
== Historisk-administrativ tilknyting ==
== Historisk-administrativ tilknyting ==


=== Kommunen ===
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]]''
Skjåk vart eige [[Leksikon:herred|herad]] frå 1. januar 1866 (kgl. res. 3. desember 1864). Til da hadde bygda vore del av [[Lom kommune|Lom herad]] alt sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i [[1837]].
 
=== Dei eldste inndelingane ===
I «den eldste Noregs-historia», ''[[Historia Norvegiae]]'' frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire «patrias», som igjen bestod av i alt 12 «provinces». Det eine av desse patrias er «Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane». I Halvdan Kohts omsetjing er patria kalla [[Leksikon:lagdømme|lagdømme]], og provins er omsett med [[fylke]]. I ''Bygdebok for Skjåk'' band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med [[Leksikon:tingstad|tingstad]] der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne «provinsen» vart heller kalla «herad» enn «fylke». Heradsordninga var knytta til [[Austlandet]], medan fylke var eit [[Vestlandet|Vestlands]]- og [[Trøndelag]]s-fenomen. Heradet Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet Nordherad for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå ''Historia Norvegiae'' indikerer at Lom og «grannefylka» ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at grannefylka (eller granneherada)til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit Nordherad), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Det vil seia at "fylka" har hatt same utstrekninga som dei seinare tiders tinglag, prestegjeld og at dei også i samsvar med den fyrste kommuneinndelinga etter 1837. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen ([[Norddalen]]) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i [[Magnus Lagabøtes landslov]] skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.
 
=== Inndelingar i mellomalderen ca. 1050-1537 ===
;Prestgjeld og sokn
[[Skjåk kyrkje|Skjåk]] og [[Hove kyrkje]]r er nemnde i eit ''[[Leksikon:diplom|diplom]]'' frå [[1343]], der det framgår at 60 år før det (altså ca. 1280) hadde dei to kyrkjene hatt ein og same prest. Det er rimeleg å tru at presten har budd på Prestegarden like ved Skjåk-kyrkja. Ved [[Oldsaksamlinga i Oslo]] er det ein døypefont frå Hovs-kyrkja som er datert til perioden 1150-1200. Ut over dei slutningane som kan trekkjast av ovanståande, kan vi ikkje datere etableringa av kyrkjene og sokna nærare.
 
I eit diplom frå [[1363]] er Steine Petersson nemnd som prest i «Skidakers sokn Bøær sokn Giæilo sokn ok Nes sokn». I ''bygdebok for Skjåk'' band 1 er situasjonen tolka slik: «Bøær sokn» er identisk med Hove sokn, med kyrkje på Hove og kyrkjegard på nabogarden Bøje. Korleis det har vore med kyrkjene på [[Geilo|Gjeilo]] og Nes (Synstnes, Stusnes og Nørstnes i nåverande [[Lom kommune]]), og om desse kyrkjene eventuelt har hatt eigne prestar, er uvisst. Steine Petersson er nemnd som prest i Lom kyrkje (Mo) i fleire dokument 1375-1410. Sikkert er det iallfall at i det meste av seinmellomalderen og tidleg nytid fram til 1752, har det vore to kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk, og båe var [[annekssogn|anneks]] under Lom prestegjeld.
 
;Tingordning
I ''Skjåk bygdebok'' bd. 1 er tingordninga for Skjåks vedkomande i tidleg- og høgmellomalderen forsøkt rekonstruert slik:
 
*Lokale ting for Nordherad (nåverande Skjåk), kanskje med tingstad på Hove. Dette har vi ikkje direkte kjeldebelegg for, men sluttar det ut frå namnet «Nordherad» og at Hove er nemnt som «rett stemnestad» ved eit par høve i seinmellomalderen.
 
*Heradsting på Mo (ved [[Lom kyrkje]]) for Lom og Skjåk. Dette var mellom anna [[Leksikon:våpenting |våpenting ]] ved [[Leksikon:kyndelsmesse|kyndelsmess]] (2. februar), det var skatteting og verka elles i ei mengd andre funksjonar. Det er dette tinget som har lengst kontinuitet og vart til [[Leksikon:bygdetinget|bygdetinget]] i den fastare rettsinstansordninga som vart innført frå [[1590]].
 
*Midfastetinget 2-3 veker før påske. Dette var venteleg «fylkesting» for [[Gudbrandsdalen|Nord-Gudbrandsdalen]], kanskje med fast plass på Tingsvaberget («Liufervang») nær [[Lye]] i [[Vågå]]. Her skulle lendmann eller sysselmann utnemne fire utsendingar til [[Leksikon:lagtinget|lagtinget]].
 
*Syslemannstinget, for same distriktet og på same møtestaden som midfastetinget. Syslemannstinget skulle haldast seinast tre veker etter lagtinget, og der skulle det berettast om kva som hadde gått føre seg på det sistnemnde.
 
Alle tingsamlingane frå «Nordheradstinget» til og med syslemannstinget var [[allting]], dvs. at alle frie menn, iallfall husbondane, hadde rett til og var forventa å møte fram.
 
*Lagtinget ved [[Eidsvoll]] ved [[Leksikon:Botolvsmesse|Botolfsmess]] (16.-17. juni). Dette var eit representasjonsting, der utsendingar kom saman frå heile [[Eidsivatingslag]].
 
Iallfall frå Håkon V Magnussons regjeringstid (1299-1319) var det innan Eidsivatingslag to lagmenn, kvar med sitt lagting, på Hamar og i Oslo. Gudbrandsdalen sokna da til Hamar.
 
;[[Sysle]]
Frå kong Sverres regjeringstid (1177-1202) var [[syslemannen]] det viktigaste leddet i kongeleg maktutøving på distriktsplanet. Landet vart etterkvart inndelt i eit femtitals sysler, som var etter måten faste embetsdistrikt. Skjåk tilhøyrde "Nørdre luten av Gudbrandsdalen". På 1220-talet var ein [[Håvard på Sandbu]] i Vågå syslemann. I 1380-åra ser det ut til at [[Halvard Alfsson]] på [[Sandbu]] var syslemann. (Han var m.a. til stades på [[Geilo]] i Skjåk i 1384 i samband med eit oppgjer etter ei drapssak.) [[Pål Halvardsson]] (sonen til Halvard Alfsson?) var "kongens ombodsmann i nørdre luten av Gudbrandsdalen" i 1432. Mot slutten av seinmellomalderen og i tidleg nytid vart syslemannens funksjonar overtekne av dei ikkje-adelege futane og deira overordna, dei adelege lensinnehavarane.
 
=== Geistleg inndeling etter 1537 ===
;[[Bispedømme]] ([[Leksikon:stift|stift]])
:Før 1541: Hamar
:1541-1864: Oslo/Christiania
:1864- dags dato: Hamar
 
;[[Prosti]]
:Fram til 1871: Gudbrandsdalen
:1871 - dags dato: Nord-Gudbrandsdalen
 
;[[Prestegjeld]] og [[sokn]]
:Fram til 1752: To kyrkjer og kyrkjesokn i nåverande Skjåk: Hove og Skjåk. Båe sokna var anneks under Lom prestegjeld.
:1752-1863: Nåverande Skjåk kyrkje vart innvigd i [[1752]]. I samband med dette vart Hove kyrkje og annekssokn nedlagt. Heile nåverande Skjåk vart deretter eitt annekssokn under Lom prestegjeld.
 
:1863- dags dato: Skjåk vart eige prestegjeld frå [[13. desember]] [[1863]] (kgl. res. 4. august 1863). Nordberg, den vestlege delen av Skjåk, vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866 (kgl. Res. 23. september 1865). [[Nordberg kyrkje]] stod ferdig i [[1864]].
 
=== Sivile forvaltningsdistrikt frå 1500-talet til i dag ===
;[[Len]]
I heile lenstida (fram til 1660) var [[Gudbrandsdalen futedømme]], som Skjåk tilhøyrde, direkte underordna lensherren på Akershus.
 
;[[Amt]] og [[fylke]]
I lenstida var statthaldaren på Akershus samstundes lensherre over Akershus len. Statthaldarembetet heldt fram etter at eineveldet vart innført i 1660. I åra 1660-1679 ivaretok statthaldaren framleis dei gamle lensherrefunksjonane i Akershus, til det vart utnemnt ein eigen stiftamtmann i Kristiania i 1679.
:1679-1687: Direkte under Kristiania stiftamt
:1687-1694: Gudbrandsdalens og Hedmarkens amt
:1694-1757: Igjen direkte under Kristiania stiftamt
:1757-1781: Opplandenes amt (nåverande Oppland og Hedmark)
:1781-1918: Kristians amt (Østre Opplandene, dvs. nåverande Oppland)
:1918- dags dato: [[Oppland fylke]]
 
;[[Futedøme]]/[[fogderi]]
:Fram til 1861: Gudbrandsdal
:1861-1909: Nord-Gudbrandsdal
:(Futedømet nedlagt 1909.)
 
;[[Lensmann]]sdistrikt
:Fram til 1909: Lom
:1909-dags dato: Skjåk
 
=== Rettsleg inndeling frå 1500-talet til i dag ===
;[[Leksikon:Lagdømme|Lagdømme]], [[Leksikon:lagsogn|lagsokn]], [[stiftsoverrett]], [[lagmannsrett]]
:Før 1797: Opplandene lagdømme
:1797-1890: Kristiania stiftsoverrett
:1890-1891: Eidsivating lagmannsrett
:1892-1906: Frostating lagmannsrett
:1907-1936: Borgarting og Agder lagmannsrett
:1936- dags dato: Eidsivating lagmannsrett
 
;[[Leksikon:Sorenskriver|Sorenskriveri]]
:Ca. 1591 - 1699: Nord-Gudbrandsdal
:1699-1731: Gudbrandsdal
:1731- dags dato: Nord-Gudbrandsdal
 
;[[Leksikon:Tinglag|Tinglag]]
:Før 1887: Lom
:1887-1927: Skjåk
 
=== Militær inndeling 1628-1940 ===
 
1628-1657
Akershusiske nasjonale infanteriregiment. Kompania hadde ulike namn etter kompanisjefen. Soldatane frå Skjåk og Lom tilhøyrde f.eks. kaptein Iver Dues kompani i [[Hannibalsfeiden]] 1643-1645.
 
1657-1718:
 
Det nordgudbrandsdalske kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Lesja og Dovre) av Det opplandske nasjonale infanteriregiment. I følgje forordning 1705 skulle det haldast bataljonsamling kvart år i juni på Breivegen i Fron, og kompanisamling ved [[Leksikon:telthus|telthuset]] (kompanidepotet) i Vågå to gonger i året (sist i februar og i september).
 
1718-1789:
 
Det vestgudbrandsdalske eller Lomske kompani (Lom og Skjåk) av 1. eller Østre opplandske nasjonale infanteriregiment.
 
1789-1818:
 
Det lomske kompani i 2. bataljon i Det opplandske nasjonale infanteriregiment. Eksersisplass på "Kirkens Fortaug" i Lom hovudsokn, bataljonsplass på Breivegen i Fron.
 
1818-1867:
 
Vågeske kompani av Gudbrandsdalske nasjonale musketerkorps av 1. Akershusiske infanteribrigade. Eksersisplass ved Lomskyrkja og ved telthuset på Sve i Vågå. Kapteinsgard på Hågå i Lom. Korpssjefen (majoren) på Frostad i Fron.
 
1867-1888:
 
1. kompani av Gudbrandsdalske bataljon.
 
1889-1911:
 
1. kompani (Lesja, Skjåk, Lom, Vågå) av 4. korps (Gudbrandsdalen) av 1. Akershusiske infanteribrigade.
 
1911-1930:
 
12. kompani (Skjåk, Lom, Vågå, Heidal) av 3. (Gudbrandsdalske) bataljon, 5. infanteriregiment (Østoppland) av 2. kombinerte brigade (frå 1916: 2. divisjon).
 
1930-1934:
 
Som 1911-1930, men nå var 3. bataljon berre landvernbataljon (andre oppbod).
 
1940:
 
2. bataljon av Infanteriregiment nr. 5 av 2. divisjon. Dei fleste frå Skjåk som var med i felttoget i april-mai 1940 tilhøyrde denne avdelinga. Men somme var også i Artilleriregiment nr. 2 (også i 2. divisjon) og andre avdelingar.


== Folketalsutvikling ==
== Folketalsutvikling ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer