Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 99: Linje 99:
=== Førhistoriske inndelingar ===
=== Førhistoriske inndelingar ===


I "den eldste Noregs-soga", ''[[Historia Norvegiae]]'' frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire "patrias", som igjen bestod av i alt 12 "provinces". Det eine av desse patrias er "Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane". I Halvdan Kohts omsetjing er patria kalla lagdømme, og provins er omsett med fylke. I ''Bygdebok for Skjåk'' band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med tingstad der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne "provinsen" vart heller kalla "herad" enn "fylke". Heradsordninga var knytta til Austlandet, medan fylke var eit Vestlands- og Trøndelags-fenomen. Heradet Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet Nordherad for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå Historia Norvegiae indikerer at Lom og "grannefylka" ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at grannefylka til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit Nordherad), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Det vil seia at dei har vore dei same som seinare tiders tinglag, prestegjeld og kommunar. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen ([[Norddalen]]) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i Magnus Lagabøtes landslov skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.
I "den eldste Noregs-soga", ''[[Historia Norvegiae]]'' frå slutten av 1100-talet, blir Austlandet inndelt i fire "patrias", som igjen bestod av i alt 12 "provinces". Det eine av desse patrias er "Gudbrandsdalen med Lom og granneprovinsane". I Halvdan Kohts omsetjing er patria kalla lagdømme, og provins er omsett med fylke. I ''Bygdebok for Skjåk'' band 1 er desse opplysningane tolka slik: Lom (med Skjåk) har danna eit eige kult- og rettsfellesskap, truleg med tingstad der stavkyrkja i Lom seinare vart bygd (Mo). Denne "provinsen" vart heller kalla "herad" enn "fylke". Heradsordninga var knytta til Austlandet, medan fylke var eit Vestlands- og Trøndelags-fenomen. Heradet Lom har igjen vore delt i mindre krinsar, slik det gamle bygdenamnet Nordherad for Skjåk kan vera ei minning om. Formuleringa frå Historia Norvegiae indikerer at Lom og "grannefylka" ikkje har vore rekna med til den eigentlege Gudbrandsdalen. I sine merknader i omsetjinga er Koht inne på at grannefylka til Lom kan ha vore 1) Vågå (der er det også den dag i dag eit Nordherad), 2) Lesja og Dovre og 3) Fron. Det vil seia at dei har vore dei same som seinare tiders tinglag, prestegjeld og den fyrste kommuneinndelinga etter 1837. Desse fire einingane i Nord-Gudbrandsdalen ([[Norddalen]]) høver elles godt med at Norddalen i følgje tingfarebolken i Magnus Lagabøtes landslov skulle ha fire representantar på Eidsivatinget.


=== Geistleg inndeling ===
=== Geistleg inndeling ===
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer