Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Ingen redigeringsforklaring
Linje 310: Linje 310:




''[[Eldre jernalder]] (500 f. Kr. - 600 e. Kr.)''
Ved overgangen til jernalderen hadde det altså truleg vore drive jordbruk i Skjåk i eit par tusen år allereie. Dei eldste gardsnamna i bygda, som for fyrste gong gjev oss konturane av eit busetjingsmønster, kan gå attende til tida kring Kristi fødsel. Det gjeld -heim-namna (Risheim og Kvålheim i Skjåk sokn, Lindsheim, Bruheim, Jemnheim og Harsheim i Nordberg), og det gjeld -vin-namna (Lykre, Hyrve og det forsvunne "Skodin", alle i Nordberg). Ein del andre gardsnamn som Bøje, Hole, Kvåle og fleire kan likeins skrive seg frå eldre jernalder.
Både i yngre steinalder/bronsealder og i jernalderen har jordbruket vore drive i kombinasjon med jakt og fangst. Dei mange fangstanlegga for elg og rein i Skjåk har nok hatt ein permanent jordbruksbusetnad i bygda som forutsetning. Slike anlegg kan godt ha vore i bruk i yngre steinalder. Ei fangstgrop for elg ved Åmot vart arkeologisk granska i 1991. Dateringar av trekolprøver frå gropa indikerer at den har vore i bruk med eller utan avbrot i nær halvtanna tusen år. Den eldste av tre prøver vart tidfesta til ein stad mellom år 220 og 570 e. Kr., altså eldre jernalder. Dei to andre prøvene vart daterte til høvesvis 1275-1410 (høg- og seinmellomalder) og 1500-1635 (tidleg nytid).




''[[Eldre jernalder]] (500 f. Kr. - 600 e. Kr.)''
''[[Yngre jernalder]] (600-1050)''


Ved overgangen til jernalderen hadde det altså truleg vore drive jordbruk i Skjåk i eit par tusen år allereie. Dei eldste gardsnamna i bygda, som for fyrste gong gjev oss konturane av eit busetjingsmønster, kan å attende til tida kring Kristi fødsel. Det gjeld -heim-namna (Risheim og Kvålheim i Skjåk sokn, Lindsheim, Bruheim, Jemnheim og Harsheim i Nordberg. Det gjeld også -vin-namna (Lykre, Hyrve og det forsvunne "Skodin", alle i Nordberg). Ein del andre gardsnamn som Bøje, Hole, Kvåle og fleire kan likeins skrive seg frå eldre jernalder.
I yngre jernalder ([[merovingartid]] 600-800, [[vikingtid]] 800-1050) får vi tillegg til gardsnamna også gravfunn i Skjåk som hjelp til å kartleggje busetjing og samfunnsform. Det er gravfunn frå merovingartida (ca. 20 enkeltgjenstandar) frå Roen (Teigomsgrenda), Harsheim (Bruheimsgrenda), Hole (Norda Aura), Brandsar og Tråstad i Reppen og på Holø på Gjeilostrond. Frå vikingtida er det noko over 20 gravfunn med over 60 enkeltgjenstandar, spreidd over heile bygda nord til Nyhus (Bysjet) i Åmotskrinsen. Ei rekkje gardsnamn kan tidfestast til yngre jernalder, mellom anna dei som endar på -stad og -ar. I Skjåk bygdebok bd. 1 blir det rekna med ca. 60 gardsbruk i bygda ved år 1000.


Både i yngre steinalder/bronsealder og i jernalderen har jordbruket vore drive i kombinasjon med jakt og fangst. Dei mange fangstanlegga for elg og rein i Skjåk har nok hatt ein permanent jordbruksbusetnad i bygda som forutsetning. Slike anlegg kan godt ha vore i bruk i yngre steinalder. Ei fangstgrop for elg ved Åmot vart arkeologisk granska i 1991. Dateringar av trekolprøver frå gropa indikerer at den har vore i bruk med eller utan avbrot i nær halvtanna tusen år. Den eldste av tre prøver vart tidfesta til ein stad mellom år 220 og 570 e. Kr., altså eldre jernalder. Dei to andre prøvene vart daterte til høvesvis 1275-1410 (høg- og seinmellomalder) og 1500-1635 (tidleg nytid).
I fleire fjelldalar i og rundt Skjåk er det påvist større samlingar av hustufter som venteleg skriv seg frå førhistorisk tid eller tidleg mellomalder. Det gjeld ved Vuluvatnet (Nysetra) og ved Liavatnet i Skjåk, og ved Fellingsvatnet og Løstulen i Lesja og dessutan i Finndalen i Lom og Vågå. Områda i nabokommunane har relevans også for den snevrare bygdehistoria for Skjåk, da dei nemnde områda har vore, og for Finndalens vedkomande den dag i dag er utnytta til setring frå Skjåk-sida. Ei form for setring er også nærliggjande å tenkje seg knytta til dei løyndomsfulle tuftene. Dessutan kan husa ha vore nytta i samband med bruken av dei store reinfangstanlegga i områda. Men ein kan heller ikkje utelukke heilårs busetning. Alle desse "fjellgrendene" ligg rett nok nær eller godt over dagens vekstgrense for korn (700 m.o.h.). Men ved Nysetra i Lordalen (Lesja) er det påvist kornpollen i ei jordprøve datert til vikingtid (ca. 800), og den staden ligg på meir enn 900 m.o.h. Eit mildare klima på den tida styrkar tanken om fast busetjing i fjellgrender, i tilfelle venteleg basert på ein kombinasjon av jordbruk for sjølvforsyning og jakt til byttehandel.


=== Mellomalder 1050-1537 ===
=== Mellomalder 1050-1537 ===
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer