Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 25: Linje 25:
I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom. Dei store høgfjellsstrekningane (nær 80 % av arealet i kommunen) har gjeve grunnlag for husdyrbeite (derunder utbreidd seterdrift), jakt og fangst, tamreindrift og turisme. I [[1840-åra]] vart det sett i gang utvinning av krommalm på Dørkampen og Høggøymene i fjellet mot [[Lesja|Lesja-kanten]], men det vart kortvarig. I førhistorisk tid og i [[mellomalderen]] kan det ha vore utvunne noko myrmalm t.d. på Randsverk nær [[Sota]], og kanskje noko kleberstein i det same området. Elles har det ikkje vore noko grunnlag for utnytting av malm og mineralførekomster i bygda.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er [[Åstradalen]] i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra, med utspring i Liavatnet, møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Framrusta frå Raudalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.
Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er [[Åstradalen]] i sørvest, med grenda [[Bråtå]]. Elva Åstra, med utspring i Liavatnet, møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Framrusta frå Raudalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgste punktet er den høgste av [[Hestbrepiggane]] på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.  

Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer