Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

→‎Historie: Omredigering. Tilleggsstoff
(→‎Historie: Omredigering)
(→‎Historie: Omredigering. Tilleggsstoff)
Linje 411: Linje 411:
I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Om lag 60% av gardane var sjølveigd jord. Det meste av leiglendingsgodset var ått av krona og kyrkja. I løpet av nokre tiår etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og snart var mest alle gardbrukarar i Skjåk sjølveigarar. Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen kommersielt. Kongen selde [[Skjåk almenning|ålmenninga]] i [[1726]], og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk, det meste av tida store kjøpmenn i [[Kristiania]]. Husmannsvesenet utvikla seg frå da av. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn på [[Lesja]], i [[Folldalen]], på [[Røros]] og andre stader.  

:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie 1500-1800]]''
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie 1500-1800]]''
I [[1798]] gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av [[Bernt Anker]]. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk.
Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk [[Leksikon:Haugianere|haugiansk vekkjingsrørsle]]. Pietismen fekk sterk motbør i [[Skjåk venstrelag|Venstre]]- og norskdomsrørsla mot slutten av århundret.
Skjåk vart vart eige prestegjeld frå 13. desember [[1863]]. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar [[1866]], same datoen som Skjåk altså vart eiga kommune.
Jernbane gjennom [[Østerdalen]] og [[Gudbrandsdalen]], omfattande emigrasjon og andre faktorar tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880. Tida frå ca. 1914 er prega av mekanisering, motorisering og elektrifisering, og næringslivet blir meir differensiert. I [[1930]] tok [[Skjåk Almenning]] i bruk eit nytt og moderne sagbruk og eit høvleri i [[Bismo]]. Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i [[bondelag]] og [[småbrukarlag]].
Politisk vart det danna [[Venstre]] og [[Høgre]] frå 1880-åra. [[Arbeidarpartiet]] og [[Bondepartiet]] vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/[[Senterpartiet]] skifta på å vere det leiande partiet i bygda.
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie 1800-1940]]''
I april [[1940]] vart bruene i Skjåk forsøkt bomba av tyskarane, utan at det lykkast. Elles vart bygda lite råka av krigshandlingar. Skjåk var blant dei bygdene som hadde relativt stor oppslutning om [[NS]] under okkupasjonen. Motstandsrørsla vart etter kvart organisert både sivilt og militært, det siste med ei milorgavdeling basert i Nordberg. Den mest dramatiske krigshendinga i Skjåk var ein Gestapo-aksjon i samband med jakta på ein milorgmann i [[Bråtå]] i mars 1945.
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie under okkupasjonen 1940-1945]]''
Folketalet i Skjåk kulminerte i 1950-åra med noko over 3000 innbyggjarar. Sidan har folkesetnaden vorte redusert til ca. 2300 (2009).
Frå om lag 1970 har Bismo vorte utvikla som kommunesenter, mellom anna med nytt kommunehus frå [[1968]] og ny ungdomsskule frå [[1975]]. Enda ei tid seinare kom det idrettshall ([[1979]]), svømmehall ([[1981]]) og kjøpesenter. Det er utbygd mange bustadfelt, og det har vorte etablert fleire bedrifter, mellom anna innan mekanisk industri der.
Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane [[Reinheimen]] og [[Breheimen]] vart opna ([[2006]] og [[2009]]). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie etter 1945]]''

== Historiske sektoroversyn ==
== Historiske sektoroversyn ==
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer