Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Omredigering
(Omredigering)
(Omredigering)
Linje 80: Linje 80:
|}
|}
Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste  kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er [[Vass-Per]].

:''Utdjupande artikkel: [[Skjåk: Geografi, ressursgrunnlag og næringsliv]]''

== Historisk-administrativ tilknyting ==
== Historisk-administrativ tilknyting ==

Skjåk har gjennom det meste av den kjende historia vore knytt til dei større reginale administrasjonseiningane [[Gudbrandsdalen]] og [[Nord-Gudbrandsdalen]]. Det gjeld [[futedøme]], [[sorenskriveri]], [[politidistrikt]] og [[prosti]]. I [[lenstida]] låg Gudbrandsdalen under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet [[Opplandenes amt]], seinare [[Kristians amt]] og [[Oppland fylke]].

:''Utdjupande artikkel: [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]]''
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]]''

Linje 200: Linje 201:
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie etter 1945]]''
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie etter 1945]]''

== Historiske sektoroversyn ==
=== Ressursutnytting og næringsliv - generelt ===
Dei to kyrkjesokna Skjåk og Nordberg kan seiast å ha ulikt ressurs- og næringsgrunnlag frå naturens side. Eit uttrykk for dette er at Nordberg stundom blir omtala som «skogbygda» og Skjåk som «grjonbygda» (grjon = matvarer av mjøl el. korn, korn(avling)).
I Nordberg er det betydelege areal med produktiv furuskog, eigd av [[Skjåk almenning]]. Denne delen av bygda har representert ressurstilgang i form av materialar, beite og for for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betydning ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri nær/i [[Bismo]], og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast. I Nordberg har svært mange av familiane livnært seg av ein kombinasjon av småbruk og skogsarbeid.
Dei beste jordbruksareala og dei største gardane finn ein i «grjonbygda» [[Skjåk sokn]]. Der har næringsgrunnlaget tradisjonelt vore dominert av jordbruket, men med viktige inntektstilskot som har falle av eigarrettar i ålmenninga. Fram til ca. 1880 eksporterte gardane betydelege mengder byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn som [[Lesja]], [[Folldalen]] og [[Røros]]. Etter at jernbanen gjorde konkurransen frå importert korn for hard, måtte ein også i Skjåk satse meir på husdyrhaldet, mest storfehald (mjølkeproduksjon). Etter andre verdskrigen har Skjåk vorte kjent for framifrå svineavl.
Nær 80 % av arealet i kommunen er høgfjell. Etter [[Høgfjellskommisjonen]]s granskingar vart i 1922 eigedomsretten også til høgfjellsstrekningane i heile heradet, altså ikkje berre ålmenningsskogen i Nordberg, tilkjent Skjåk almenning. Høgfjellet har i det tradisjonelle landbruket vore utnytta til beite, ikkje minst i form av seterdrift. Frå 1890-åra fram til 1960-åra var det tamreindrift i Skjåk, dels i privat, dels i kommunal regi.  Frå slutten av 1800-talet har høgfjellet også meir og meir danne grunnlag for turisme og andre fritidsnæringar. [[Pollfoss]] og [[Grotli]] er dei eldste turistverksemdene som har vore tufta på dette. Jakt (villrein, elg) og fiske (aure) er og har vore viktig som fritidssyssel og for matauk. Nyleg har monalege delar av høgfjellet i bygda vorte verna område som del av [[Reinheimen nasjonalpark]].
Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Dei viktigaste var Lom og Skjåk Dampysteri frå 1924 og Skjåk ålmennings sag- og høvleri frå 1930. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen, og ein større bilverkstad vart etablert i Bismo i samband med dette. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I løpet av dei siste 30-40 åra har det kome til fleire moderne industribedrifter i Bismo, som mellom anna baserer seg på leveransar til offshoreverksemda.
Elektrisk straum kom til store delar av bygda med bygging av kraftverk i tverrelva [[Aura]] i 1919-1920. Regulering av [[Breidalsvatnet]] og [[Raudalsvatnet]] under og etter andre verdskrigen var basert på sal av vasskraft til elektrisitetsverk lenger nedover i [[Otta]], [[Lågen]] og [[Glomma]]. Straumproduksjonen innan bygda vart auka med vidare utbygging av [[Aursjoen]] etter krigen, og ikkje minst med utbygginga av Øvre Otta etter regjeringsvedtak i 2001.
<!-- === Dei gamle fangstanlegga ===
=== Turismen og reiselivsnæringa ===
=== Politikk ===
Partidanninga
Ordførarar i Skjåk
=== Kyrkja og religiøs aktivitet ===
=== Anna foreiningsliv ===
=== Skolevesen ===

=== Helse og omsorg ===
-->

=== Kunst og kultur ===
=== Kunst og kultur ===
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer