Skrindsrud brevhus

Skrindsrud brevhus låg på gardsbruket Røyslund i Nord-Etnedal. Brevhuset vart oppretta hausten 1920, med lærar Johan Skrindsrud som styrar. Bakgrunnen for at det vart etablert eit brevhus her, var truleg at Nordre Etnedalen poståpneri vart flytta frå garden Steinset til Smedsrud ved Ton kyrkje. Da vart det samtidig ei ny landpostbudrute til Skrindsrud-området, der Røyslund låg. Brevhuset, som hadde kassasjonsstempel 414, vart nedlagt 1. mars 1930.

Kassasjonsstempelet åt Skrindsrud brevhus.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!