Skrivarvegen (Bø i Telemark)

Skrivarvegen i Bø i Telemark var ein om lag 130 meter lang blindveg som gjekk sørover frå Lektorvegen.

Skrivarvegen sett frå Lektorvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen hadde namn etter sorenskrivar og stortingsmann Gjermund N. Grivi. Han budde på garden Grivi like ved vegen, og han blei kalla «Skrivaren» på folkemunne. I 1998 blei namnet på vegen endra frå Grivireina til Skrivarvegen. (sjekkes!) Busetnaden bestod av sju einebustader.

I samband med samanslåinga av Bø og Sauherad kommune fantes Skrivarvegen i både kommunane, og det blei i 2018 vedteke å slå vegen i Bø saman med Lektorvegen, mens Sauherad fekk behalde sin Skrivarvegen.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Margit Sudbø i Vegnamnnemnda.
  • Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda i Bø kommune 20.03.18.


Koordinater: 59.41265° N 9.07501° Ø