Sloge: Forskjell mellom sideversjoner
Hopp til navigering
Hopp til søk
(→Namn: Begynt å fylle på med namnegeografi.) |
(satt inn bilde) |
||
Linje 3: | Linje 3: | ||
Ei '''[[sloge]]''' eller ''sliul'' (sjå fleire namn nedafor) er ein treskereiskap. Dette var det vanlegaste reiskapen før treskemaskinane kom. Den har eit skaft, handvola eller tustervola, som var omlag 1,2 meter langt. Ein kortare stokk, slagvola eller dettvola, var bunde til skaftet med [[vidje]], åleskinn, oksesene eller tau. Slagvola kunne vere rund eller åttekanta. | Ei '''[[sloge]]''' eller ''sliul'' (sjå fleire namn nedafor) er ein treskereiskap. Dette var det vanlegaste reiskapen før treskemaskinane kom. Den har eit skaft, handvola eller tustervola, som var omlag 1,2 meter langt. Ein kortare stokk, slagvola eller dettvola, var bunde til skaftet med [[vidje]], åleskinn, oksesene eller tau. Slagvola kunne vere rund eller åttekanta. | ||
Ein la kornbanda på golvet i fleire rekkjer med aksendane mot kvarandre. Så slo ein med sloga så kornet vart skild frå halmen, raka bort halmen og kasta kornet med ei [[låvekluft]], ein gaffelforma reiskap. Etterpå kunne ein tresk kornet meir varsamt ein gong til for å få ut agner og småhalm. | {{thumb|No-nb digibok 2013061708037 0022 1.jpg|Tresking med sloge|Skansen, Johannes P: "Bygdemøllene i Norge", 1958}}Ein la kornbanda på golvet i fleire rekkjer med aksendane mot kvarandre. Så slo ein med sloga så kornet vart skild frå halmen, raka bort halmen og kasta kornet med ei [[låvekluft]], ein gaffelforma reiskap. Etterpå kunne ein tresk kornet meir varsamt ein gong til for å få ut agner og småhalm. | ||
==Namn== | ==Namn== |
Sideversjonen fra 10. aug. 2016 kl. 07:56
Ei sloge eller sliul (sjå fleire namn nedafor) er ein treskereiskap. Dette var det vanlegaste reiskapen før treskemaskinane kom. Den har eit skaft, handvola eller tustervola, som var omlag 1,2 meter langt. Ein kortare stokk, slagvola eller dettvola, var bunde til skaftet med vidje, åleskinn, oksesene eller tau. Slagvola kunne vere rund eller åttekanta.
Ein la kornbanda på golvet i fleire rekkjer med aksendane mot kvarandre. Så slo ein med sloga så kornet vart skild frå halmen, raka bort halmen og kasta kornet med ei låvekluft, ein gaffelforma reiskap. Etterpå kunne ein tresk kornet meir varsamt ein gong til for å få ut agner og småhalm.
Namn
Reiskapen hadde mange namn rundt om i landet. Nokre av dei som er kjend er:
- sloge (Austlandet og Trøndelag)
- slog (Leka)
- sloå (Leka)
- slue/sluo (Austlandet og Trøndelag)
- sluggu (Austlandet og Trøndelag)
- slegel
- sliil, slijill (Fåberg, Trysil)
- sliul (Austlandet; Bærum, Sør-Odal, Ås, Kråkstad, Svindal, Våler (Østf.), Onsøy, Eidsberg, Rømskog)
- sluggul (Os (Hedmark))
- slyul, slyjul (Aurskog/Blaker, Romerike)
- sliu (Grue, Sandsvær)
- slale (Grue)
- slʌle/slæle (Solør, Grue)
- sløle (Sør-Odal, Nord-Odal)
- slule (Eidsberg)
- slile (Nordre Land, Løten, Vestre Gausdal)
- slire (Hedmark, Modum, Ådal(Ringerike), Land, Østre Toten)
- sliru (Østre Toten)
- tust (Vestlandet, Sørlandet, Hallingdal, Gudbrandsdalen)
- flygjel (Telemark og Sørlandet)
- fløgel (Telemark og Sørlandet)
Kjelder
- Kornbehandling i Norsk historisk leksikon.