Snøtun (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Bruksdeling og husmannsplassar
m (→‎Litteratur: Retting av sidetal)
(Bruksdeling og husmannsplassar)
Linje 23: Linje 23:


På Snøtun låg [[Krundalen skule]]. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag [[Bretun]], kurssenteret og hovudkvarteret til [[Jostedalen breførarlag]].
På Snøtun låg [[Krundalen skule]]. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag [[Bretun]], kurssenteret og hovudkvarteret til [[Jostedalen breførarlag]].
==Bruksdeling==
Snøtun var eitt bruk fram til det formelt vart delt i to jamstore bruk, Snøtun og [[Bakkane|Bakkane (Jostedalen)]] i 1800, som kvar fekk 1 pund og 12 merker smør og 1/2 bukkeskinn i skyld. I 1792 skal den nye brukaren på Snøtun ha busett seg i Bakkane og dermed gjort det til hovudbruket på garden nokre år.
Bruksdelinga vert dermed slik:
* Bnr. 1 Reina (''Røysi'') - skilt ut ved delinga av Bnr. 2 Bakkane i 1825
* Bnr. 2 Bakkane - skilt ut ved delinga av Bnr. 3 Snøtun i 1800 - tidlegare husmannsplass
* Bnr. 3 Snøtun - det gamle hovudbruket
I tillegg er det utskilt nokre parsellar, mellom anna til skulehuset.
==Husmannsplassar==
Det har berre vore ein husmannsplass under Snøtun, [[Bakkane|Bakkane (Jostedalen)]] som vart rydda kring 1774. Frå kring 1790 var Bakkane hovudbruket på Snøtun, men frå 1795 vart bakkane på ny driven som husmannsplass til plassen vart utskilt som eige bruk.
11 av 13 gardshus i Bakkane vart teke av eit stort snøskred 26. januar 1849.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1579 Snøskred i Krundalen 1849], Jostedal historielag</ref> Ingen menneske kom til skade, men krøtter og avling gjekk tapt, og garden skal ha vore fråflytt nokre år. Tunet vart i 1870-åra flytt frå ca 150 meter ovanfor fylkesvegen til dagens plassering like ved Krundøla på nedsida av fylkesvegen.
==Notar==
<references/>


==Litteratur==
==Litteratur==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer