Solveig Hildur Ødegaard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jul. 2019 kl. 09:28 av Marianne Wiig (samtale | bidrag) (noinclude)
Hopp til navigering Hopp til søk

Solveig Hildur Ødegaard (fødd 17. oktober 1913, død 1. mars 2016) vart fødd på garden Dokken i Svenkerud, Nes kommune i Hallingdal. Foreldra var Kari Jørgensen Dokken[1] og lærar og fotograf Lars K. Ødegaard (1877-1933). Etter middelskulen jobba ho på telegrafstasjonen i Nesbyen. Ei tid budde ho hos fotografen Arne E. GrøvoGeilo, der ho gjekk i fotolære. Etter andre verdskrigen gjekk ho Treiders handelsskule og arbeidde deretter to år hjå Citroën i Oslo. Frå 1948 var ho styrar for Nes telegrafstasjon, fram til automatiseringa i 1978. Då ho var 89 år, flytta ho til hytta på Myking, der ho budde til ho var 97, med heimehjelp kvar fjortande dag. Ho var glad i å gå turar både sumar og vinter. Som ung deltok ho i skirenn, mellom anna i Oslo.

Fotnoter

Kjelder

  • Hallingdølen 17. oktober 2013
  • Hallingdølen 5. mars 2016
  • Hol kommunes nettsider (om fotografane), besøkt 24. oktober 2013


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.