Språkskifte i norske kommunar 1892-2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Språkskifte i norske kommunar 1892-2013 er eit dugnadsprosjekt på lokalhistoriewiki.no, initiert i høve Språkåret 2013. Føremålet er å kaste mest mogleg historisk lys over skifte av offisielle målformer på lokal og regional basis. Årstalet 1892 er valt av di det da vart opna for lokale vedtak om anten riksmål eller landsmål skulle nyttast i skulane. Dette hadde heimel i den såkalla målparagrafen i skulelova, jamfør også jamstellingsvedtaket frå 1885..

Språkskifte gjeld altså frå fyrst av skifte frå riksmål/bokmål til landsmål/nynorsk og seinare også vice versa. (Bokmål og nynorsk vart innført som offisielle nemningar i 1929.) Prosjektet omfattar vidare språkskifte frå/til samisk i forvaltningsområdet for samisk språk, innført med samelova i 1989.

Vi etterlyser ei rad typar artiklar som vil vere naturleg å knytte opp mot dette, som til dømes:

  • Oversyn over språkskifte i einskildkommunar eller delar av kommunar (skulekrinsar), eller på regional basis.
  • Artiklar om einskilde hendingar i språkskifte-samanheng
  • Om språkorganisasjonar, ideologiar og standpunkt
  • Opplysningsartiklar om lovverk, prosedyrer i språkskifte, rettskrivingsreformer, leseverk og lærebøker etc
  • Biografiar over aktørar i språkdebatten, lokalt og nasjonalt – lærarar, politikarar, vitskapsfolk, leiarar og aktivistar i språk- og andre interesseorganisasjonar
  • Om skular og skulestell der språkstrid har oppstått


Hans P. Hosar er NLI-kontakt og koordinator for dugnadsprosjektet. Særskilde faglege rettleiarar vil vere Oddmund Løkensgård Hoel (nynorsk/bokmål) og Olve Utne (samisk).