Språkskiftet til nynorsk i Austevoll: Forskjell mellom sideversjoner

Mindre endringar
m ({{nn}})
(Mindre endringar)
Linje 7: Linje 7:
Frå 1892 kunne skulekrinsane sjølv velja om dei ville ta i bruk landsmål som opplæringsmål, men allereie i 1888 finn ein spor etter motstand mot landsmålet i kommunen. Austevoll skulekommisjon uttalte seg i 1888 om framlegget til den nye skulelova som vart vedteken i 1889. I lova var det mellom anna nemnt at skulestyra kunne avgjera kva mål som skulle brukast i undervisninga og i lærebøkene. Skulekommisjonen uttrykte at landsmålet ikkje måtte koma inn i skulen og «forkvakle Undervisningen. Børnene har nok at gjøre med det Maal de kjender.»<ref>[http://lokalhistorie.austevoll.kommune.no| Lokalhistorie i Austevoll]</ref>. Denne paragrafen i skulelova vart ikkje vedteken, men kom inn igjen i 1892 kjend som ''Målparagrafen''. Den tydelege haldninga heldt seg lenge, og i 2013 er det framleis mange bokmålsbrukarar i denne nynorskkomunen.

Eit anna spor etter språkspørsmålet finn ein i ''Melding frå Det vestlandske Maalkontor'' i 1907: «Austevoll hev innført Rolfsen og Støylens Tillegg til Rolfsenboki til 3. Band.» <ref>Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil. Det vestlandske Maalkontor 1907 s. 13.</ref> Ved at ''Nordahl Rolfsens Læsebog for Folkeskolen'' med landsmålstillegget av [[Bernt Støylen]] var innført i kommunen, vart elevane kjende med den nye målforma. Det var stor strid om innføringa både av denne og Jensens lesebok som vart innført i 1873. <ref>Utne 1994</ref> Rolfsens si lesebok frå 1896 hadde eit eige nynorskkapittel på sju sider med fem dikt og seks prosatekstar. I dei 10 andre kapitla i boka var det 10 nynorsktekstar. Boka hadde 134 lesestykke. Dessutan inneheldt tekstar som fleire i soknestyra meinte ikkje passa for ungar, og saman med landsmålstillegget skapte dette motvilje. Utgåva frå 1896 vart likevel innført i begge soknene i 1898 (?). Sidan dei fleste lærarane i kommunen var utdanna ved [[Stord lærarskule]], der det var eit sterkt målmiljø med eit aktivt [[Mållaget ved Stord lærarskule|mållag]], kan ein gå ut frå at landsmålstekstane vart mykje brukte. Til begynnaropplæring i lesing valde kommunen fleire år seinare ''Den fyrste boki åt barnet'' av Jonas Vellesen.
Eit anna spor etter språkspørsmålet finn ein i ''Melding frå Det vestlandske Maalkontor'' i 1907: «Austevoll hev innført Rolfsen og Støylens Tillegg til Rolfsenboki til 3. Band.» <ref>Yversyn yver Maaltilstandet i Kyrkja og Skule i Hordaland, Sogn og Fjordane Nyaarsbil. Det vestlandske Maalkontor 1907 s. 13.</ref> Ved at ''Nordahl Rolfsens Læsebog for Folkeskolen'' med landsmålstillegget av [[Bernt Støylen]] var innført i kommunen, vart elevane kjende med den nye målforma. Det var stor strid om innføringa både av denne og Jensens lesebok som vart innført i 1873. <ref>Utne 1994</ref> Rolfsens si lesebok frå 1896 hadde eit eige nynorskkapittel på sju sider med fem dikt og seks prosatekstar. I dei 10 andre kapitla i boka var det 10 nynorsktekstar. Boka hadde 134 lesestykke. Dessutan inneheldt leseboka tekstar som fleire i soknestyra meinte ikkje passa for ungar, og saman med landsmålstillegget skapte dette motvilje. Utgåva frå 1896 vart likevel innført i begge soknene i 1898 (?). Sidan dei fleste lærarane i kommunen var utdanna ved [[Stord lærarskule]], der det var eit sterkt målmiljø med eit aktivt [[Mållaget ved Stord lærarskule|mållag]], kan ein gå ut frå at landsmålstekstane vart mykje brukte. Til begynnaropplæring i lesing valde kommunen fleire år seinare ''Den fyrste boki åt barnet'' av Jonas Vellesen.

{{thumb|Nordahl Rolfsens lesebok.JPG|Nordahl Rolfsens lesebok med landsmålstillegget var i bruk i Austevoll frå 1898 (?) Foto: Nils Steinar Våge.}}
{{thumb|Nordahl Rolfsens lesebok.JPG|Nordahl Rolfsens lesebok med landsmålstillegget var i bruk i Austevoll frå 1898 (?) Foto: Nils Steinar Våge.}}
Linje 63: Linje 63:
{{thumb|Alvestads songbok.jpeg|Olaus Alvestads songbok inneheldt 580 songtekstar. Halvparten var på nynorsk. Boka var i bruk i Austevoll like etter 1900.}}
{{thumb|Alvestads songbok.jpeg|Olaus Alvestads songbok inneheldt 580 songtekstar. Halvparten var på nynorsk. Boka var i bruk i Austevoll like etter 1900.}}
==Bruk av Olaus Alvestad si songbok==
==Bruk av Olaus Alvestad si songbok==
Ein god pedagogisk måte å tileigna seg kunnskap på er å bruka song i innlæringsprosessen.  Kommunen tok i bruk Olaus Alvestad si songbok, ''Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag'', som kom ut første gong i 1898. Boka var ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, og var i bruk i Austevoll like etter 1900.  
Ein god pedagogisk måte å tileigna seg kunnskap på er å bruka song i innlæringsprosessen.  Kommunen tok i bruk Olaus Alvestad si songbok, ''Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag'', som kom ut første gong i 1898. Boka var ei av dei mest brukte songbøkene på 1900-talet, og kom i bruk i Austevoll like etter 1900.  

Av dei 580 songtekstane var det fleire på bokmål av Bjørnson, Wergeland, Lie, Moe, Grundtvig, Ingemann, Wexels og andre. 49 av dei nynorske songane var skrivne av [[Elias Blix]] og resten av dei første brukarane av nynorsken som Sivle, Hovden, Garborg, Vinje, Aasen, Vassbotn, Janson, Eskeland o.fl. Nynorske omsetjingar av 18 norske og nokre danske og svenske folkeviser og nasjonalsongane til dei andre nordiske landa var òg med i boka. Halvparten av songtekstane var på nynorsk.

Gjennom songen vart elevane kjende med nynorsken, og då språkskiftet vart gjennomført, gjekk nok innføringa greitt. Ei anna årsak var at nynorsk låg tett opp til talemålet. Mest å seia hadde nok læraren som kunne kommentera og forklara.
Gjennom songen vart elevane kjende med nynorsken, og då språkskiftet vart gjennomført, gjekk nok innføringa greitt. Ei anna årsak var at nynorsk låg tett opp til talemålet. Mest å seia hadde nok læraren som kunne kommentera og forklara ord og uttrykk.

==Lærarane var pådrivarar==
==Lærarane var pådrivarar==
Linje 73: Linje 73:
{{thumb|Ole Strømme 1.jpeg|[[Ole Strømme]] var lærar og klokkar og den første ordføraren i Austevoll kommune. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje.}}
{{thumb|Ole Strømme 1.jpeg|[[Ole Strømme]] var lærar og klokkar og den første ordføraren i Austevoll kommune. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje.}}

Brørne Hans Aase (1882-1950) og Kristoffer Aase (1881-1952) frå Bømlo, sunnmøringen Rasmus Ringdal (1876-?), Johannes Søreide (1851-1931) og sonen hans som òg heitte Johannes Søreide (1891-1974) var alle med i skulestyret, og Ringdal og Aase-brørne sat i fleire periodar i kommunestyret. Hans Aase var varaordførar i to periodar. På denne måten var dei med og påverka språkdebattane og utfallet av røystingane.
Brørne Hans Aase (1882-1950) og Kristoffer Aase (1881-1952) frå Bømlo, sunnmøringen Rasmus Ringdal (1876-?), Johannes Søreide (1851-1931) og sonen hans som òg heitte Johannes Søreide (1891-1974) var alle med i skulestyret, og Ringdal og Aase-brørne sat i fleire periodar i kommunestyret. Hans Aase var varaordførar i to periodar. På denne måten var desse nynorsktilhengjarane med og påverka språkdebattane og utfallet av røystingane.
   
Kristoffer Aase var særs aktiv når det gjaldt innføringa av nynorsk i kommuneadministrasjonen i 1930-åra. Johannes Søreide d.e. arbeidde i Søreide skulekrins som i 1920 var den første krinsen i Austevoll som tok i bruk nynorsk. Han sat i Austevoll sokn skulestyre då det vedtok at Søreide og to andre krinsar i sokna skulle bruka nynorsk som opplæringsmål.

Linje 110: Linje 110:
13. april 1932 foreslo nynorskbrukaren Kristoffer Aase at kommunestyret skulle venda seg til styresmaktene om å få alle skriv tilsendt på nynorsk, og at tenestemennene i kommunen skulle «nytta landsmaalet so longt dei kan.» Saka kom opp i juli 1933, og med sju mot seks røyster vedtok kommunestyret måljamstelling etter at framlegget om nynorsk og bokmål som tenestemål i kommunen hadde blitt vraka.

Då Hans Aase var varaordførar og førte møteboka i Austevoll kommunstyre frå 1932, skreiv han saksframlegga og vedtaka på nynorsk mens ordføraren refererte på bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll herredsstyre 1930-1942 </ref>.  Det same gjorde Ole Strømme då han førte møteprotokollen i skulestyret i Møkster sokn. Frå 1914 og fram til han gjekk av som leiar i 1922, refererte han på nynorsk <ref>Forhandlingsprotokoll for Møkster sokn skolestyre 1910-1930 </ref>. Noko anna enn at Aase og Strømme var nynorskbrukarar og arbeidde for nynorsk i kommuneadministrasjonen, er det uvisst kva som var årsaka.
Då Hans Aase var varaordførar og førte møteboka i Austevoll kommunstyre frå 1932, skreiv han saksframlegga og vedtaka på nynorsk mens ordføraren refererte på bokmål. <ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll herredsstyre 1930-1942 </ref>.  Ole Strømme førte møtereferata på nynorsk i Møkster sokn sin skulestyreprotokoll frå 1914 og fram til han gjekk av som leiar i 1922 <ref>Forhandlingsprotokoll for Møkster sokn skolestyre 1910-1930 </ref>. Noko anna enn at Aase og Strømme var nynorskbrukarar og arbeidde for nynorsk i kommuneadministrasjonen, er det uvisst kva som var årsaka.

Kommunestyret vedtok dessutan å ta i bruk nasjonale vedtekter på nynorsk: «Vedtekter om stengjetid» i 1936 og «Politivedtekt» i 1939.<ref>Hovdan-protokollen s. 166</ref>
Kommunestyret vedtok dessutan å ta i bruk nasjonale vedtekter på nynorsk: «Vedtekter om stengjetid» i 1936 og «Politivedtekt» i 1939.<ref>Hovdan-protokollen s. 166</ref>
Linje 118: Linje 118:
Austevoll Mållag vart skipa i 1924, men laget si levetid er uviss. At det var liv i laget i 1939, ser ein av eit skriv frå formannen i laget til skulestyret i Austevoll soknekommune om framleis å bruka i-formene i opplæringa i skulen.<ref>Forhandlingsprotokoll for Austevoll sokn skolestyre 1929-1942.</ref> Eit nytt mållag vart skipa i 1960-åra, og då det vart oppattliva i 2010, hadde det sju medlemmer. I 2013 har laget med namnet [[Austevoll Mållag]] 45 medlemmer. Ein av grunnane til at det har vore dårleg grobotn for mållag i kommunen, er at bokmålet alltid har stått sterkt.

To av landhandlarane i Austevoll annonserte i kyrkjebladet i 1930-åra, og ein av dei brukte nynorsk.<ref>Austevoll Menighetsblad. Mai 1932</ref> Ved å annonsera i kyrkjebladet, nådde dei truleg fleire enn om dei annonserte i avisene. Kommunen hadde ikkje lokalavis, men mange abonnerte på bokmålsavisa [[Bergens Tidende]] og nokre på nynorskavisene [[Gula Tidend]] og [[Sunnhordland (avis)|Sunnhordland]]. I 1978 fekk kommunen si eiga avis, [[Marsteinen]], og ho er redigert å nynorsk.  
To av landhandlarane i Austevoll annonserte i kyrkjebladet i 1930-åra, og ein av dei brukte nynorsk.<ref>Austevoll Menighetsblad. Mai 1932</ref> Ved å annonsera i kyrkjebladet, nådde dei truleg fleire enn om dei annonserte i avisene. Kommunen hadde ikkje lokalavis, men mange abonnerte på bokmålsavisa [[Bergens Tidende]] og nokre på nynorskavisene [[Gula Tidend]] og [[Sunnhordland (avis)|Sunnhordland]]. I 1978 fekk kommunen si eiga avis, [[Marsteinen (avis)|Marsteinen]], og ho er redigert å nynorsk.  

Forstandarskapet i Sund og Austevoll sparebank vedtok at frå 1. januar 1933 skulle begge mål vera jamstelte, og at alt prenta tilfang skulle skaffast på begge mål.<ref>Hovdan-protokollen s. 166.</ref>

Veiledere, Administratorer, Skribenter
10 646

redigeringer