Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen: Forskjell mellom sideversjoner

Jostedalen no del av Luster
(Jostedalen no del av Luster)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]''' vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i den tidlegare kommunen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra.  
'''[[Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen]]''' vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. [[Jostedalen]] i [[Sogn og Fjordane]] var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av [[Luster kommune]]. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra.  
 
==Målsaka vert introdusert i bygda==
==Målsaka vert introdusert i bygda==
Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen [[Olav Sande]] var då i Jostedalen og samla stoff til [[Segner fraa Sogn II]], og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde.  

Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på [[Sogndal folkehøgskule]] (skipa 1877), hadde òg møtt målsaka der.

==1901: Fyrste vedtak om landsmål i skulen==

Den fyrste læraren i Jostedalen som møtte målsaka på lærarskulen, var truleg [[Anders O. Øvregaard]] som tok eksamen ved [[Balestrand lærerskole]] i 1874. Han dukkar opp som tillitsvald i det nyskipa [[Jostedal mållag]] i 1907, men det er uvisst når han fekk eit engasjement for målsaka og byrja å gjera noko ut av det.

Det er andre og yngre lærarar me finn i fremste rekkje i målarbeidet, og dei hadde lærareksamen frå 1890-åra og byrja som lærarar i Jostedalen like før hundreårsskiftet. I fyrste omgang galdt det kyrkjesongaren [[Anders Hjellum]] frå [[Aurland]] (eksamen frå [[Stord seminar]] 1891) og [[Mons Takle]] frå [[Brekke]] (eksamen frå [[Stord seminar]] 1898). Den 15. januar 1901 var [[Anders Hjellum]] framleggsstillar bak eit framlegg i eit kombinert skulestyre- og lærarmøte i Jostedalen. I protokollen heiter det:

Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer