Ståle Dyrvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ståle Dyrvik (fødd 26. oktober 1943 i Vågan) er professor i historie ved Universitetet i Bergen. Dyrvik er blant dei fremste ekspertane i landet på historisk demografi. Han vart cand. philol frå Universitetet i Bergen 1971 med hovudfagsoppgåve om befolkningsutviklinga i Etne i Hordaland 1660-1801. Etter hovudfaget heldt han fram med studiar i Paris i 1971-1972 under Louis Henry, familierekonstitusjonsmetodens far. Han hadde forskingsstipend frå 1972-1974, og har sidan da vore knytta til Universitetet i Bergen. . HIFOS anmelderpris for 2008