Stølsdrift i Nyasetdalen - Feios

Nyasetdalen i Feios er ein sidedal i Gullsetdalen. I denne dalen hadde gardane Tjønn, Tveit og Dale stølsdrifta eller seterdrifta si. Frametter Feioselva låg stølshusa som "perler på ei snor". På bygdevegen like forbi Grindal kjem ein til brua med god skogsveg heilt til Dalsetet. Like over brua ligg heimestølen til garden Tveit og Dale. Her er det framleis to stølshus på setervollen, Tveitaselet og Dalsselet. Frå brua ved Legdene held skogsvegen fram langs Feioselva. Etter eit par kilometer kjem ein til heilestøen for Tjønn, denne stølen heiter Bruasetet. Like nedanfor Bruasetet smeltar Nyasetelvi saman med Feioselvi. Frå Bruaseet går vegen vidare framover Nyasetdalen. Etter nokre kilometer kjem ein til setervollen som heitetr Nyasetet. Denne stølen er fjellstøen til garden Tjønn. På den andre sida i dalen oppe på ein høgde ligg fjellstøeen til Tveit og Dale, denne setra heiter Dalsetet. I tidlegare tider der husdyrhaldet representerte ei viktig del av jorbruket i bygda var det både storfe, saau og gris på beite i fjellområdet rundt desse stølane.

Fil:På Dalsetet i Feios
stølsdrift
Foto: ukjent/foto privat