Stølsdrift i Nyasetdalen - Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stølsdrift på Dalsetet, slutten av 1940-talet. Brynhild Tjønn med borna Gyda og Magnar på Bruasetet. Margit Tveit og Gunhild Dale, budeier Dalsetet
Foto: ukjent/foto privat

Stølsdrifta i Nyasetdalen - Feios vart drive av gardane Tjønn, Tveit og Dale. Frametter Feioselvi, Vik kommune i Sogn, ligg setervollane som «perler på ei snor». Nokre av stølshusa ligg der framleis, men på Dalsetet, som ligg på ein høgde i dalen, er det berre grunnmurane tilbake.

Frå bygdevegen forbi Grindal går det skogsbilveg til Dalsetet. Like over brua ligg heimestølen til garden Tveiti og Dale. Her er det framleis to stølshus på setervollen, Tveitaselet og Dalsselet. Frå brua ved Legdene held skogsvegen fram langs Feioselva. Etter eit par kilometer kjem ein til heimestølen for Tjønn, denne stølen heiter Bruasetet. Like nedanfor Bruasetet smeltar Nyasetelvi saman med Feioselvi. Frå Bruasetet går vegen vidare framover Nyasetdalen. Etter nokre kilometer kjem ein til setervollen som heiter Nyasetet. Denne stølen er fjellstølen til garden Tjønn. På den andre sida i dalen oppe på ein høgde ligg fjellstølen til Tveit og Dale, denne setra heiter Dalsetet. I tidlegare tider der husdyrhaldet representerte ei viktig del av jorbruket i bygda var det både storfe og smale på beite i fjellområdet rundt desse stølane.

I Nyasetdalen var det gode beitetilhøve. Sauene hadde heile dalen fram til Botnen å boltra seg på. Der var saftig gras og bekkefar med fjellvatn. Kyrne måtte mjølkast kvar morgon og kveld. Mjølka var avkjølt i det kalde vatnet i Nyasetelva. Deretter vart mjølka separert på ein seperator og fløyten kinna til smør. Eller mjøla vart ysta til ost i store koparkjelar. Inne i skotet var det ei grue og der vart mjølka ysta til ost, ein omstendleg prosess. Gamalosten er eit særprega varemerke frå desse stølane i Feios. Stølsprodukta vart ført heim til bygda med kløv. I helgane samla ofte budeiene seg på ein av stølane, og i den norske bondekulturen er vel ikkje stølsfrieriet ukjent. Ein eldre kar påpeika at han tilhøyrer den siste generasjon der stølsfrieriet var vanleg. På hausten like før stølssesongen var over, vart det arrangert "stølshelgar" som det vart kalla. Da kom gardsfolket som var heime og naboar, og feira slutten på sesongen. I stølshelga serverte budeiene rømmegraut og rømmekopp.

Kilder og litteratur

  • Bilete, foto privat, album og forteljing etter Margit Tveit Rinde
  • Bøthun, Per H.: Leikanger bygdebok. Gardssoga. Utgjevar Leikanger Bygdeboknemnd 1965
  • Lee, Rune: Feios Ættesoge. Vik Lokalhistoriske Arkiv 2018.
  • Lyngvær, Roald: Leikanger bygdebok, ættesoga. Leikanger Bygdeboknemnd 1979.