Osen bru (Feios)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Oselvi
Foto: Jan Magne Rinde.
Osen bru 1927
Foto: Jan Magne Rinde.
Feioselvi med Osen bru
Foto: Jan Magne Rinde.

Osen bru i Feios i Vik kommune opna i 1927 og knyt saman bygda over Feioselvi. Den buldrande elvi har runne gjennom bygda i årtider. I Leikanger bygdebok frå 1965 heiter det at «Elvi gjennom dalen heitte i gamle dagar Fe, men kallast no Feioselvi eller berre Os-elvi.». Brua ligg i Osen (gnr. 176) og er i dag ein del av fylkesvegen som går gjennom Feios til Fresvik. I dalføret på begge sider av Feioselvi går dessutan fylkesvegen med namnet Lundsvegen og Åfetvegen.

Dikt om Osen bru

Brua vart bygd av lokale krefter. Eit dikt av A. Alme om arbeidet med brua er nedskrive etter memoreringsdata frå Elsa Runnestø.

Det er Osen Bru som bygges
og den for stå i all makt
Så Feios’ befolkning kan hygges
av arbeid som slusken har lagt.

Han Gudvin i smia står
og resten i akkorten går
Ein dugandes smed som han var
Ei krona pr time han har.

Vår bas var Fardal og Rinde
og kvar sin akkort dei har
Og der so fekk Nilsemann finde
at krangel i Osen det var.

I arbeid frå dag til dag
høyrdes feiselens taktfaste slag
xxx(?)
xxx(?)

Vegane kring brua

Då Osen bru vart bygd, var ho ei viktig bru for bygdesamfunnet i Feios. Fyrst i 1971, etter mange års arbeid, vart riksveg 602 mellom Feios og Vangsnes ferdig bygd. Då vart Osen bru forsterka og tilpassa større trafikk. Vegen går til hamna i Feios, der fylkesveg 182 held fram langs fjorden til Ramnebergtunnellen. Vegen vart kalla Feiosvegen etter nytt vedtak om vegnamn. I 1976 vart vegen vidareført til nabobygda Fresvik.

Feioselvi

Feioselvi deler bygda i to med Rinde, Fedje, Bårlog, Tjønn, Drege, Tveiti, Dale, Grinddal, Sæterli, Sætre og Lunde på austsida. På vestsida ligg gardane Håane, Berdal, Stjernegjerd, Helland, Smidje og Åfet. I Feioselvi samlar to elvar seg, den eine har opphav frå Fresvikbreen og Gullsetdalen, og den andre frå Åfetdalen med Åfetelvi.

Namnet Feios har opphav i gardsnamnet Fedje/Fai`djadn/ eller Feđjar. Feđ viser i denne samanhengen til grensefunksjon, men ifølgje Sandnes og Stemshaug er det rimelegare at namnet siktar til fiskegjerde, sidan Feioselva er ei god lakseelv.[1] Ved Storehølen går laksen opp for å gyte. Dette har og vore ein ynda fiskehøl. Langs elvefaret er det også eit rikt fugleliv. Fossekallen, Noregs nasjonalfugl, held til i Trangefossen.

Rundt elvemunninga har allemannsretten rådd. Like nedanfor brua på Fedjesida er det ein sandbanke. Her kom gardane på Rinde og Fedje med klesvasken sin når det var turkeperiodar. På sørsida av Sognefjorden kan ofte nordvestleg bris på vår og sommar ha tendens til å turka ut jordsmonnet, og da har Feioselvi vore eit viktig vatnreservoar for bygdefolket langs strandlinja ved fjorden.

Kraftutbygging

Eit planarbeid for kraftutbygging av elva byrja i 2001 og munna ut i ein konsesjonssøknad. I 2009 vart utbygging vedtatt, og i 2013 fekk Sognekraft konsesjon. Etter innspel frå lokalbefolkning, grunneigarar og naturverninteresser, sendte Sognekraft inn ein søknad om planendring. I 2016 fekk selskapet ny konsesjon får NVE og departementet, og i mars 2023 tok bygginga av Feios kraftverk til. Ifølgje Sognekraft er det venta å stå ferdig i 2026.[2]

Fotnotar

  1. Norsk stadnamnleksikon: s. 141
  2. https://www.sognekraft.no/feioskraftverk

Kjelder og litteratur

  • Bøthun, Per H. Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd 1965 Ingvald Husabø Prentever. Leikanger
  • Multiconsult, 2006. Feios Kraftverk AS. Konsesjonssøknad og konsekvensutredning for Feios Kraftverk, Vik kommune.
  • Norgeskart.no
  • NVE, 2009. Feios Kraftverk AS - Søknad om konsesjon for bygging av Feios kraftverk, Vik kommune i Sogn og Fjordane - NVEs innstilling.
  • Skårderud,J & Hellesnes, P. Kan ende i priseksplosjon. Klassekampen 22.01.18.
  • Sogn avis 2016.05.26. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Rygh,O. Norske Gaardnavne. XII Nordre Bergenhus Amt. W.C. Fabritius & Sønner AS. Kristiania 1919.
  • Runnestø, Bård. Notat og nedskrive i 2017. Diktet om Osen bru v/Anders Alme. Smeden Gudvin Tveit, Bas Nils Rinde og Ole Fardal
  • Sandnes, Jørn og Stemshaug, O. Norsk Stadnamnleksikon, 4. utgåve. Det Norske Samlaget 2007
  • Osen i Feios på Digitalt museum