Strandsitjarmiljøet i Feios

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Strandsitjarhus i Osen.
Foto: Jan Magne Rinde.
Astrid-stova.
Foto: Jan Magne Rinde.

Strandsitjarmiljøet i Feios i Vik kommune i Sogn er bevart gjennom eit par gamle hus som er tekne godt vare på av Feios bygdalag. Husa, som vert kalla for Randi-stova og Astrid-stova, ligg på allenningen i Osen. Desse husa må vera mellom dei eldste i bygda. Bygdelaget har gjort ein stor innsats for å rusta opp Randi-stova og rydde skogen rundt husa, slik at dei står fram som viktige minne om strandsitjarmiljøet i Osen.

I Bygdebok for Leikanger kan ein og lesa om eit sagbruk i Osen. Namnet var "Fej-ås Sag" og er skildra etter eit kongeleg påbod i 1674 for å kartlegge alle sagbruk. I 1683 var soknepresten i Leikanger, Jens Bugge, oppført som eigar av sagbruket i Osen. Ved folketeljinga i 1801 budde 11 huslydar med til saman 40 personar i Osen, her var det også gjestgjeveri på den tida.[1]

Kunstmålar frå Bergen

På 1850-talet flytta Bergenskunstnaren Tycho Christoffer Jæger til Osen. Der budde han til han døydde 31. januar 1889. Han vart fyrst gravlagd her, men seinare vart hans levningar flytta til Solheim kirkegård i Bergen. I ei folketeljing i 1865 går det fram at Tycho C. Jæger dyrka poteter, bygg og hadde storkveg. Han hadde sanduttak på eigedomen, var handelsmann og kramkar i tillegg til å vera kunstmålar. Historisk Museum i Bergen har teke vare på samlinga hans. Det er omkring 90 kunstverk med motiv frå Sognefjorden og Vestlandet.[2] Han måla mellom anna eit bilete av Leikanger prestegard. Prestegarden som står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo er no måla slik han vart framstilt av Jæger. I hellinga nedanfor ungdomshuset kan ein sjå huset der Tycho Christoffer budde. Vegen i hellinga nedanfor huset der han budde, har seinare vorte kalla Jægerbrekka. Namnet har vore i bruk opp til vår tid.

Osen som hamn og rutebåtekspedisjon

Osen har vore hamn langt tilbake i tida. På svabeget like ved elvemunninga på austsida, er måla eit hamnemerke, ein kvit ring med svart sentrum. Det indikerer at Osen var ei godkjent hamn på linje med Kvamsøy tilbake til den tida jektefarten var vanleg i Sognefjorden. Seinare har kaien i Osen vore dampskipskai for båttrafikken mellom anna til Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane. På 1960-talet var hamna i bruk til førtøyning av fleire motorbåtar, til dømes Samband, Vesla, Lomen og Helgafjell. Desse båtane frakta både passasjerar og varer til og frå bygda. Samband gjekk i mange år i mjølkerute mellom Vik og Feios annakvar dag. Fylkesbåtane hadde faste rutestopp både med langrute og lokalrute. Tre eller fire dagar for veka gjekk MS Gudvangen mellom Høyanger og Flåm i vinterhalvåret. På den måten hadde bygdene i midtre Sogn god kommunikasjon med toget til både Bergen og Oslo. Da riksveg 602 opna i 1972 var det brått slutt på båtrutene til bygda.

Fotnoter

  1. Bøthun, 1965, s. 279
  2. Gjerstad,2012

Kjelder

  • Bøthun, Per H. Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Leikanger Bygdeboknemnd 1965 Ingvald Husabø Prentever. Leikanger
  • Gjerstad, Jo. Bergen slik den var. Tycho Jæger - en glemt billedkunstner. Bodoni Forlag, Bergen 2012