Stand: Forskjell mellom sideversjoner

917 byte lagt til ,  6. jan. 2012
Utbygging
(Justering. Utbygging)
(Utbygging)
Linje 27: Linje 27:
Arent Berntsen tek i si samfunnsanalyse frå 1656 utgangspunkt i den klassiske trestandslæra der samfunnet blir inndelt i ''bellatores'', ''oratores'', ''laboratores'' som det heitte på latin, dvs. dei som krigar, dei som talar og dei som arbeider.  

I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Det har variert kva for ein av dei to stendene som har vore rangert som den fyrste og den andre. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand.
I mellomalderen svara dei to fyrste jamt over til adel og presteskap. Det har variert kva for ein av dei to stendene som har vore rangert som den fyrste og den andre. I katolske land har presteskapet tendert mot å vere den fremste, så som i Frankrike før revolusjonen. I [[Leksikon:Adel|artikkelen om adel]] i [[Norsk historisk leksikon]] blir det påpeikt at reformasjonen og sjølvstendetapet i 1536/37 gjorde at adelen overtok presteskapets tidlegare posisjon som den leiande stand i Noreg.

«Tredjestanden», dei som «arbeidde», skilde seg sterkt frå dei to øvste stendene. For det fyrste bestod den arbeidande stand av ein ulikt mykje større del av befolkninga. Adel og presteskap utgjorde dei fleste stader berre ein ubetydeleg andel statistisk sett. «Tredjestanden» omfatta dessutan mange ulike yrkesgrupper og sjikt, og kan negativt definerast som dei i samfunnet som ikkje var adelege og ikkje geistlege. Men i praksis, og iallfall som «politisk» korporasjon, var det vel å merke berre dei ikkje-adelege og ikkje-geistlege sjølvstendig næringsdrivande som vart medrekna, dvs. dei med [[Leksikon:Borgerskap|handels-, handverkar- eller skipparborgarskap]] i byane og gardbrukarar på landet. Representasjonsmyndet var dessutan uløyseleg knytta til ''husbondsstatus''.  Familiemedlemmer, tenestefolk, husmenn og andre arbeidarar vart sedde som avhengige vedheng til dei husbondane som skulle representere tredjestanden.

Linje 41: Linje 41:

=== Standsskilje, rettar og plikter ===
=== Standsskilje, rettar og plikter ===
Eit viktig samfunnsfelt der standsskilja var formelt og reelt fast institusjonaliserte, var rettsstellet. Det galdt ''for det fyrste'' ulik prosedyre for ulike stender i rettslege samanhengar. Adelen hadde såkalla [[Leksikon:Verneting|privilegert verneting]]. I medhald av Chrsitian V's Norske lov 1687 skulle grevar og friherrar (baronar) og «de højeste Officerer» i livs- og æressaker stemnast direkte inn for Høgsterett i København. Andre av adel og «lige med Adelen privilegerede» hadde tilsvarande [[Leksikon:Overhoffretten|Overhoffretten]] på [[Akershus slott og festning|Akershus]] som verneting. ''For det andre'' kunne privatpersonar vere tillagde justismakt i kraft av standsposisjon og privileg. Frå 1646 hadde eigarar av [[Leksikon:Setegård|rette adelege setegardar]] såkalla [[Leksikon:Hals- og håndsrett|hals- og håndsrett]] over sine [[Leksikon:Ukedagsbønder|vekedagsbønder]].

=== Standssamfunn etter 1814? ===
=== Standssamfunn etter 1814? ===
Veiledere, Administratorer
9 136

redigeringer