Steinbukken: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(kategoriserer)
m (la til onlyinclude, satt bildene inn i teksten.)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Steinbukken]]''' eller ''Stubbrytaren'' har lang tradisjon som eit allsidig reiskap i landbruket. Før traktoren og dei dieselhydrauliske gravemaskinene gjorde sitt inntog i dyrkingsarbeidet, var det steinbukken som vart nytta til mange tunge løft.  Den som er oppvaksen på landsbygda og fødd før 1950-60 åra er kjende med denne reiskapen.  Snakkar ein med yngre folk så er det lite kjennskap til steinbukken. Difor denne artikkelen.
<onlyinclude>[[Bilde:Her_som_stubbrytar.jpg|Steinbukken vert her brukt til å dra opp røter.|thumb]]'''[[Steinbukken]]''' eller ''Stubbrytaren'' har lang tradisjon som eit allsidig reiskap i landbruket. Før traktoren og dei dieselhydrauliske gravemaskinene gjorde sitt inntog i dyrkingsarbeidet, var det steinbukken som vart nytta til mange tunge løft.  Den som er oppvaksen på landsbygda og fødd før 1950-60 åra er kjende med denne reiskapen.  Snakkar ein med yngre folk så er det lite kjennskap til steinbukken. Difor denne artikkelen.</onlyinclude>
 
==Oppbygging, enkel forklaring==
==Oppbygging, enkel forklaring==
Som alle reiskap har nok også steinbukken over tid vorte forbetra, sjølv om han endå er nokså enkel. Slik han er på bilda som ilustrerar dette stykkjet er der i tillegg til innskoren talje også ei tannhjulsutveksling på mellom fire og fem gonger. To plankar montert saman i toppen, og med eit tverstykke nede slik at det dannar ein trekant, er hovudddelen på steinbukken. I dette distriktet vert denne delen kalla kongen. I toppen var festepunkt for dei to beina, og ein bøyel til toppblokka i taljen. Spelet med utveksling var montert på hovuddelen. Der høyrer med ein stoppar for å låsa spelet, og eit lås for utvekslinga når den er innkobla.

==Bruk==
==Bruk==
Når steinbukken var oppreist flytte ein han ved skiftevis å flytte bein og kong. Skulle ein få slings rundt store jordfaste steinar, måtte ein stundom grava langs steinen for å finna hald. Ein annan måte var å bruka laushakar å setja inn i hakk på steinen, eller å slå eit hakk for feste. Fekk ein eit godt tak å lyfte etter, kunne ein kanskje spare seg noko graving rundt steinen. På førehand hadde ein lagt klar nokre lèsingar, høveleg store steinar, til å legga under etter kvart som ein fekk lyfta steinen. For å transportera steinen ut av stykket ein dyrka var det hest og steinslede som var alternativet. Med steinbukken løfte ein vel så store steinar som ein greidde å køyre ut. Var steinen større måtte han skytast. Bruksområdet var stort, det var dyrking, grøfting, muring og alt som var tungt, altså meir enn det handemakta rådde med. På lista over miljøvenlege og stillfarande reiskap må vel steinbukken kome på topp.  
[[Bilde:Jostein_i_arbeid_med_steinbukken.JPG|Jostein Høydal i arbeid med steinbukken i hagen sin på Vallabøen, Ørsta. På dette bilde ser ein spelet og innskoren talje.|thumb]]Når steinbukken var oppreist flytte ein han ved skiftevis å flytte bein og kong. Skulle ein få slings rundt store jordfaste steinar, måtte ein stundom grava langs steinen for å finna hald. Ein annan måte var å bruka laushakar å setja inn i hakk på steinen, eller å slå eit hakk for feste. Fekk ein eit godt tak å lyfte etter, kunne ein kanskje spare seg noko graving rundt steinen. På førehand hadde ein lagt klar nokre lèsingar, høveleg store steinar, til å legga under etter kvart som ein fekk lyfta steinen. For å transportera steinen ut av stykket ein dyrka var det hest og steinslede som var alternativet. Med steinbukken løfte ein vel så store steinar som ein greidde å køyre ut. Var steinen større måtte han skytast. Bruksområdet var stort, det var dyrking, grøfting, muring og alt som var tungt, altså meir enn det handemakta rådde med. På lista over miljøvenlege og stillfarande reiskap må vel steinbukken kome på topp.  
Røter og stubbar som også skulle ut av jorda fekk same handsaming. Derfor er også namna steinbukk og stubbrytar brukt om einannan.

==Bilde frå bruk av steinbukk==
<gallery>
Bilde:Her_som_stubbrytar.jpg|Steinbukken vert her brukt til å dra opp røter.
Bilde:Jostein_i_arbeid_med_steinbukken.JPG|Jostein Høydal i arbeid med steinbukken i hagen sin på Vallabøen, Ørsta. På dette bilde ser ein spelet og innskoren talje.
</gallery>

[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori: Volda kommune]]
[[Kategori: Fotografi fra 2010]]
[[Kategori: Fotografi fra 2010]]
[[Kategori:Landbruksmaskiner]]
[[Kategori:Landbruksmaskiner]]

Sideversjonen fra 2. aug. 2010 kl. 12:01

Steinbukken vert her brukt til å dra opp røter.

Steinbukken eller Stubbrytaren har lang tradisjon som eit allsidig reiskap i landbruket. Før traktoren og dei dieselhydrauliske gravemaskinene gjorde sitt inntog i dyrkingsarbeidet, var det steinbukken som vart nytta til mange tunge løft. Den som er oppvaksen på landsbygda og fødd før 1950-60 åra er kjende med denne reiskapen. Snakkar ein med yngre folk så er det lite kjennskap til steinbukken. Difor denne artikkelen.

Oppbygging, enkel forklaring

Som alle reiskap har nok også steinbukken over tid vorte forbetra, sjølv om han endå er nokså enkel. Slik han er på bilda som ilustrerar dette stykkjet er der i tillegg til innskoren talje også ei tannhjulsutveksling på mellom fire og fem gonger. To plankar montert saman i toppen, og med eit tverstykke nede slik at det dannar ein trekant, er hovudddelen på steinbukken. I dette distriktet vert denne delen kalla kongen. I toppen var festepunkt for dei to beina, og ein bøyel til toppblokka i taljen. Spelet med utveksling var montert på hovuddelen. Der høyrer med ein stoppar for å låsa spelet, og eit lås for utvekslinga når den er innkobla.

Bruk

Jostein Høydal i arbeid med steinbukken i hagen sin på Vallabøen, Ørsta. På dette bilde ser ein spelet og innskoren talje.