Storgård (veg i Seljord)

Storgård er ein 298 meter lang veg i området Gravshaugane i Seljord kommune som går nordøstover frå Jakob Naadlands veg til bom like etter nr. 14. Her møter han Hønervegen.

Vegen Storgård sett austover.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen har namn etter Storgård, garden som låg her. Gardstunet låg der nr. 2 og 4 er i dag, og dei gamle husa blei truleg rive kring 2002. Busetnaden no består av to tomannsbustadar og ni einebustadar, dei fleste med sokkeletasje.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no


Koordinater: 59.48121° N 8.60794° Ø