Stranda kyrkje (Stranda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. mar. 2017 kl. 11:44 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Stranda kyrkje eller Sløgstad kyrkje er ei åttekantkyrkje i tettstaden Stranda i Stranda kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1838 og er bygd i treverk (tømmer). Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Tidligare låg det ei stavkyrkje på staden. Men eit stort fjellskred i 1731 på den andre sida av fjorden skapte ei flodbølge som øydela kyrkja. Ei alterplate og ein alterskåp frå omlag 1500-talet er bevart. Plata er i marmor og har relikviegjømme, mens skåpen har motiv med Madonna, St. Laurentius og St. Andreas.

Eksterne lenkjer

Koordinater: 62.30846° N 6.94724° Ø