Straumbåt: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
* [http://norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/v01/108-Saltstraumen/liv_og_virke/side4e.htm «Straumbåt og færing»] på [[Norsknettskole.no]] | * [http://norsknettskole.no/fag/ressurser/itstud/v01/108-Saltstraumen/liv_og_virke/side4e.htm «Straumbåt og færing»] på [[Norsknettskole.no]] | ||
[[ | [[Kategori:Bodø kommune]] | ||
[[Kategori:Saltstraumen]] | [[Kategori:Saltstraumen]] | ||
[[ | [[Kategori:Saltdal kommune]] | ||
[[ | [[Kategori:nordlandsbåter]] | ||
[[ | [[Kategori:klinkbygging]] | ||
{{f1}} | {{f1}} | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 19. nov. 2023 kl. 16:06
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og Kvæl på Røkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk.
Kjelder
Bøker
- Færøyvik, Bernhard og Øystein; Christensen, Arne Emil (red.): Inshore craft of Norway. Oslo : Grøndahl, 1979.