Straumen kiosk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 12:47 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Straumen Kiosk''' var ei kiosk- og serveringsbedrift i Straumgjerde i Sykkylven. Oskar Heltne byrja med kioskdrift i Straumgjerde i 1960. Han hadde vore murar, men vart sjuk og måtte...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumen Kiosk var ei kiosk- og serveringsbedrift i Straumgjerde i Sykkylven. Oskar Heltne byrja med kioskdrift i Straumgjerde i 1960. Han hadde vore murar, men vart sjuk og måtte få seg noko lettare arbeid. Av Bastian Roald fekk han første åra leige ein kiosk som stod på Bergane i Straumgjerde. Han vart riven i 1973, og eit nytt, moderne kioskbygg vart oppsett. Siste åra han levde var Oskar Heltne så sjuk at han vanskeleg kunne greie arbeidet i kiosken, og då han døydde i 1977, var det kona, Karoline Heltne, som hadde stått føre drifta i fleire år.

Frå 1980 var kiosken bortleigd til Frank Riksheim. Han flytte etter nokre år kiosken til eit nyoppført bygg nedanfor skulen i Straumgjerde. Her var kiosken til han vart flytta over riksvegen til første høgda av den tidlegare Brunstad-fabrikken. Her har det dei siste tjue åra vore samanhengande kiosk- og serveringsdrift. Verksemda som no betre namnet Straumen Grill og Bistro driv også med catering. Dagleg leiar er Margit Lange Aure.

Kjelde:=

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.

Sykkylven leksikon Kiosker Næringsliv Etableringer i 1960 Sykkylven kommune