Straumen kiosk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Straumen Kiosk var ei kiosk- og serveringsbedrift i Straumgjerde i Sykkylven. Oskar Heltne byrja med kioskdrift i Straumgjerde i 1960. Han hadde vore murar, men vart sjuk og måtte få seg noko lettare arbeid. Av Bastian Roald fekk han første åra leige ein kiosk som stod på Bergane i Straumgjerde. Han vart riven i 1973, og eit nytt, moderne kioskbygg vart oppsett. Siste åra han levde var Oskar Heltne så sjuk at han vanskeleg kunne greie arbeidet i kiosken, og då han døydde i 1977, var det kona, Karoline Heltne, som hadde stått føre drifta i fleire år.

Frå 1980 var kiosken bortleigd til Frank Riksheim. Han flytte etter nokre år kiosken til eit nyoppført bygg nedanfor skulen i Straumgjerde. Her var kiosken til han vart flytta over riksvegen til første høgda av den tidlegare Brunstad-fabrikken. Her har det frå om lag 1995 vore samanhengande kiosk- og serveringsdrift. Ei tid heitte verksemda Straumen Grill og Bistro. Dagleg leiar var Margit Langø Aure. Seinare var det selskapet Fjøla som heldt til i lokala. Severin Welle og Berit Elise Emdal prøvde seg på eit nyskapande "after ski"-konsept retta mot eit ungt publikum. Dei vart råka av korona-epidemien (2020-2022) og svak lønsemd førte til avvikling. Nye drivarar i lokala vart eigarane av service- og cateringverksemda Det kan vi, Evy Lade Sætre og Bjørg Astrid Vik.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.