Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

Hopp til navigering Hopp til søk
ingen redigeringsforklaring
m (F1merker)
Ingen redigeringsforklaring
(12 mellomliggende versjoner av 6 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{innhold høyre}}
{{innhold høyre}}
<onlyinclude>Mange som bur i [[Sunnhordland]]sbygdene er etterkomarar frå dei norske storættene, eller adelsættene, som levde i denne landsdelen for 500&ndash;600 år sidan; [[Sunnhordlandsætter[[Kategori:Navn]]|Sunnhordlandsættene]]. Det er ætter som har sine røter langt tilbake, nokre heilt tilbake til den gamle lendermannstida. I ''Sunnhordland Årbok'' 1939 kommenterer Rasmus Høyland i ein artikkel som denne artikkelen byggjer på: {{sitat|Dette synest også i stor mun å ha sett sitt merke på mange ættegreiner ned gjenom tida. Og me kan vel sjå her òg noko av det verde som både arv og ættekjensla har å segja for folk.}} Ikkje minst for ein ættegranskar kan det vera stor stas og gje status i miljøet om han eller ho kan knyta slekta si til desse gamle adels- eller bondeættene.</onlyinclude>  
<onlyinclude>Mange som bur i [[Sunnhordland]]sbygdene er etterkomarar frå dei norske storættene, eller adelsættene, som levde i denne landsdelen for 500&ndash;600 år sidan; '''[[Sunnhordlandsætter|Sunnhordlandsættene]]'''. Det er ætter som har sine røter langt tilbake, nokre heilt tilbake til den gamle lendermannstida. I ''Sunnhordland Årbok'' 1939 kommenterer Rasmus Høyland i ein artikkel som denne artikkelen byggjer på:  
<blockquote>
''«Dette synest også i stor mun å ha sett sitt merke på mange ættegreiner ned gjenom tida. Og me kan vel sjå her òg noko av det verde som både arv og ættekjensla har å segja for folk.»''
</blockquote>
Ikkje minst for ein ættegranskar kan det vera stor stas og gje status i miljøet om han eller ho kan knyta slekta si til desse gamle adels- eller bondeættene.</onlyinclude>  


== Frå adelsætt til bondeætt ==
== Frå adelsætt til bondeætt ==
Frå byrjinga på 1500-talet gjekk det etter kvart ut med dei gamle norske adelsættene. Det skuldast ei rekkje årsaker. Ei hovudårsak var nok likevel at danske og tyske adelsmenn trengde inn i landet og fekk mykje makt, samstundes som dei også fekk støtte frå styresmaktene. Det vart sett inn danske embetsmenn, og som me veit gjekk politikken ut på å undertrykkja dei norske nasjonale kreftene i størst mogleg grad. Med det forsvann også den gamle norske adelen, sjølv om den såkalla lågadelen heldt seg ei tid.  
Frå byrjinga på 1500-talet gjekk det etter kvart ut med dei gamle norske adelsættene. Det skuldast ei rekkje årsaker. Ei hovudårsak var nok likevel at danske og tyske adelsmenn trengde inn i landet og fekk mykje makt, samstundes som dei også fekk støtte frå styresmaktene. Det vart sett inn danske embetsmenn, og som me veit gjekk politikken ut på å undertrykkja dei norske nasjonale kreftene i størst mogleg grad. Med det forsvann også den gamle norske adelen, sjølv om den såkalla lågadelen heldt seg ei tid.  


Men det tydde ikkje det same som at den gamle byrgskapen vart vekke. Den tok dei med seg, jamvel om dei ytre kåra endra seg. Den dag i dag er det gjevt for einkvar lokal slektsgranskar å finna at dei stammar frå ei av dei gamle store bondeættene. Mykje av jordegodset vart også berga. Og som Rasmus Høyland uttrykkjer det: {{sitat|Og både den sterke ættekjensla som dei hadde, og det at dei vart sitjande sjølveigarar på gardane sine, det gav dei ein styrke og ein stødleik, som gjorde at fleire av desse ættegreinene dei var i lange tider som berande krefter i så mange av Sunnhordlandsbygdene.}}
Men det tydde ikkje det same som at den gamle byrgskapen vart vekke. Den tok dei med seg, jamvel om dei ytre kåra endra seg. Den dag i dag er det gjevt for einkvar lokal slektsgranskar å finna at dei stammar frå ei av dei gamle store bondeættene. Mykje av jordegodset vart også berga. Og som Rasmus Høyland uttrykkjer det:  
<blockquote>
''«Og både den sterke ættekjensla som dei hadde, og det at dei vart sitjande sjølveigarar på gardane sine, det gav dei ein styrke og ein stødleik, som gjorde at fleire av desse ættegreinene dei var i lange tider som berande krefter i så mange av Sunnhordlandsbygdene.»''
</blockquote>


Dei største av desse ættene er Ænesætta, Galtætta, Brandvikætta, Smørsætta og Rustungætta. Dei tre førstnemnde ættene var opphavleg truleg av ei og same ætt. Elles var alle desse ættene samanbundne ved giftarmål, så det er stundom vanskeleg å halda dei frå kvarandre.
Dei største av desse ættene er Ænesætta, Galtætta, Brandvikætta, Smørsætta og Rustungætta. Dei tre førstnemnde ættene var opphavleg truleg av ei og same ætt. Elles var alle desse ættene samanbundne ved giftarmål, så det er stundom vanskeleg å halda dei frå kvarandre.
Linje 20: Linje 27:
Båe desse var også lendermenn. Og som dei fleste av storættene i landet elles på den tid var også dei med Magnus Erlingsson i striden mot kong Sverre. Både Jon og Munan er nemnde som skipsstyrarar i slaget ved Nordnes i Bjørgvin 1180. Og det er truleg at Jon fekk sin bane der. For etter slaget høyrer ein ikkje noko meir om han. Men Munan var framleis ein av Magnus sine menn. I slaget ved Norefjorden i Sogn i 1184 der Magnus Erlingsson fall, var det Munan som styrde skipet «Reinen». Han er ikkje serskild nemnd mellom dei hovdingane som fall saman med Magnus. Men me høyrer ikkje noko til han seinare. Så det er vel mest truleg at han fekk banen sin der, han òg meiner Rasmus Høyland i Gamle ætter i Sunnhordland.
Båe desse var også lendermenn. Og som dei fleste av storættene i landet elles på den tid var også dei med Magnus Erlingsson i striden mot kong Sverre. Både Jon og Munan er nemnde som skipsstyrarar i slaget ved Nordnes i Bjørgvin 1180. Og det er truleg at Jon fekk sin bane der. For etter slaget høyrer ein ikkje noko meir om han. Men Munan var framleis ein av Magnus sine menn. I slaget ved Norefjorden i Sogn i 1184 der Magnus Erlingsson fall, var det Munan som styrde skipet «Reinen». Han er ikkje serskild nemnd mellom dei hovdingane som fall saman med Magnus. Men me høyrer ikkje noko til han seinare. Så det er vel mest truleg at han fekk banen sin der, han òg meiner Rasmus Høyland i Gamle ætter i Sunnhordland.


Odd Handegård peikar i ''Vår felles slektshistorie'' s. 180 på at det {{sitat|er sannsynlig at Munan overlevde de blodige slagene ved Nordnes (1181) og ved Fimreite (1184), men ingen etterkommere er nevnt etter ham. Også Jon deltok i slaget ved Nordnes i 1181 der omlag 360 mann ble drept på begge sider i dette slaget mellom Magnus Erlingson og Sverre. Ettersom Jon ikke er nevnt i sagalitteraturen etter 1181, har det vært antatt at han ble drept ved Nordnes. Noen dokumentasjon ut over dette finnes imidlertid ikke.}}
Odd Handegård peikar i ''Vår felles slektshistorie'' s. 180 på at det  
<blockquote>
''«er sannsynlig at Munan overlevde de blodige slagene ved Nordnes (1181) og ved Fimreite (1184), men ingen etterkommere er nevnt etter ham. Også Jon deltok i slaget ved Nordnes i 1181 der omlag 360 mann ble drept på begge sider i dette slaget mellom Magnus Erlingson og Sverre. Ettersom Jon ikke er nevnt i sagalitteraturen etter 1181, har det vært antatt at han ble drept ved Nordnes. Noen dokumentasjon ut over dette finnes imidlertid ikke.»''
</blockquote>


=== Arnbjørn Jonsson,  Åskjell  Jonsson og Gaut  Jonsson ===
=== Arnbjørn Jonsson,  Åskjell  Jonsson og Gaut  Jonsson ===
Linje 58: Linje 68:
== Galtætta ==
== Galtætta ==


Ein trur at den før nemnde Gaut Gautsson (Gaut Unge, sjå over) har late etter seg også ein son til, ein som heitte Sigurd (jfr. Henning Sollied i Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II). Denne Sigurd er elles skriven Sigurd Galt. Han budde på Torsnes i Jondal. Og ein reknar med han som stamfar til den ætta som seinare er kalla Galtung. Han er nemnd fleire gonger i første helvta av 1300-talet. Han hadde to søner: Erik Sigurdsson og Gaute Sigurdsson. Kanskje også ein tredje son, fødd 1311, som me ikkje kjenner namnet på.  
{{utdypende artikkel|Galtung}}
 
Ein trur at den før nemnde Gaut Gautsson (Gaut Unge, sjå over) har late etter seg også ein son til, ein som heitte Sigurd (jfr. Henning Sollied i Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II). Denne Sigurd er elles skriven Sigurd Galt. Han budde på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]] i Jondal. Og ein reknar med han som stamfar til den ætta som seinare er kalla Galtung. Han er nemnd fleire gonger i første helvta av 1300-talet. Han hadde to søner: Erik Sigurdsson og Gaute Sigurdsson. Kanskje også ein tredje son, fødd 1311, som me ikkje kjenner namnet på.  


=== Gaute Eriksson Galt ===
=== Gaute Eriksson Galt ===
Linje 67: Linje 79:
=== Sigurd Gautesson ===
=== Sigurd Gautesson ===


Den før nemnde andre sonen til Sigurd Galt på Torsnes, Gaute Sigurdsson, hadde ein son som heitte Sigurd. Denne Sigurd Gautesson var gift med ei Sigrid (Bårdsdotter?). Sonen deira var Bård Sigurdsson på Torsnes, nemnd fleire gonger i første helvta av 1400-talet. Han var gift med Gyrid Torbergsdotter, frå Store Brandvik (Stord). Ho vert titulert som hustru i ymse brev, noko som tyder på at ho var frå lågadelen. Bård og Gyrid hadde ei dotter som heitte Herborg. Ho vart gift med Nils (Nikolaus) Ragnvaldsson som med henne fekk garden Brandvik. Dei var foreldre til den seinare biskop Gotskalk Nilsson, Holar på Island.
Den før nemnde andre sonen til Sigurd Galt på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]], Gaute Sigurdsson, hadde ein son som heitte Sigurd. Denne Sigurd Gautesson var gift med ei Sigrid (Bårdsdotter?). Sonen deira var Bård Sigurdsson på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]], nemnd fleire gonger i første helvta av 1400-talet. Han var gift med Gyrid Torbergsdotter, frå Store Brandvik (Stord). Ho vert titulert som hustru i ymse brev, noko som tyder på at ho var frå lågadelen. Bård og Gyrid hadde ei dotter som heitte Herborg. Ho vart gift med Nils (Nikolaus) Ragnvaldsson som med henne fekk garden Brandvik. Dei var foreldre til den seinare biskop Gotskalk Nilsson, Holar på Island.


=== Johannes Lauritsson ===
=== Johannes Lauritsson ===
Linje 75: Linje 87:
=== Laurits Johannesson ===
=== Laurits Johannesson ===


Sonen deira var Laurits Johannesson (1587 - 1689) på Torsnes. Han var fut over Halsnøy Kloster og Hardanger len, og var også sjølv eigar av mykje jordegods. Han var gift med Lisbette Orning, dotter til generaladmiral Erik Ottesson Orning på Vatne på Stord. Også dette giftarmålet syner kor høgt ho var i vørdnad enno, denne ætta. Dei hadde mange born desse to. Det var minst åtte i alt, to søner og seks døtre. Alle døtrene var gift med prestar. Ei av dei, Magdalena, vart gift med Rasmus Pedersson, sokneprest i Strandebarm 1648-76. Og ein sonesons son var den Rasmus Rasmusson som i 1759 kjøpte Søre Tveita på Stord og vart buande der. Dei to sønene der var Johan og Lauritz. Johan døydde ugift. Det Laurits Johannesson har vorte mest kjend for i ettertid - i tillegg til at han var far til admiral Lauritz Lauritsson (Galtung) som vart adla i 1648 (sjå nedanf.) - var at han stod i eit utanomekteskapeleg forhold til kona si tremenning Margrete, som truleg var ei dotterdotter av  Dorothea Kristoffersdotter (Rustung) og James Stuart  på Steine i Steinsdalen i Kvam.
Sonen deira var Laurits Johannesson (1587–1659) på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]]. Han var fut over Halsnøy Kloster og Hardanger len, og var også sjølv eigar av mykje jordegods. Han var gift med Lisbette Orning, dotter til generaladmiral Erik Ottesson Orning på Vatne på Stord. Også dette giftarmålet syner kor høgt ho var i vørdnad enno, denne ætta. Dei hadde mange born desse to. Det var minst åtte i alt, to søner og seks døtre. Alle døtrene var gift med prestar. Ei av dei, Magdalena, vart gift med Rasmus Pedersson, sokneprest i Strandebarm 1648-76. Og ein sonesons son var den Rasmus Rasmusson som i 1759 kjøpte Søre Tveita på Stord og vart buande der. Dei to sønene der var Johan og Lauritz. Johan døydde ugift. Det Laurits Johannesson har vorte mest kjend for i ettertid - i tillegg til at han var far til admiral [[Lauritz Galtung |Lauritz Lauritsson (Galtung)]] som vart adla i 1648 (sjå nedanf.) - var at han stod i eit utanomekteskapeleg forhold til kona si tremenning Margrete, som truleg var ei dotterdotter av  Dorothea Kristoffersdotter (Rustung) og James Stuart  på Steine i Steinsdalen i Kvam.


=== Lauritz  Galtung ===
=== [[Lauritz  Galtung]] ===


Lauritz var fødd ca. 1615. Han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. To år seinare vart han tvungen til å røma frå landet, etter at han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugeleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfesta på nytt - «med skjold og hjelm som han og hans forfedre tilforn hadde brukt og ført" - og fekk då namnet endra til Galtung. Namnet "Galtung" vert med dette nytta for fyrste gongen i den yngre Galtung-slekta. Lauritz førte vidare det gamle våpenet til Galtung-slekta, som forfedrane hans hadde nytta - eit springande villsvin. Lauritz var gift to gonger - først med Clara Gere som døydde i 1645, sidan med Barbara Grabow. Begge hustruane stamma frå Danmark. Han døydde i 1661.
Lauritz var fødd ca. 1615. Han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. To år seinare vart han tvungen til å røma frå landet, etter at han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugeleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfesta på nytt - «med skjold og hjelm som han og hans forfedre tilforn hadde brukt og ført" - og fekk då namnet endra til Galtung. Namnet "Galtung" vert med dette nytta for fyrste gongen i den yngre Galtung-slekta. Lauritz førte vidare det gamle våpenet til Galtung-slekta, som forfedrane hans hadde nytta - eit springande villsvin. Lauritz var gift to gonger - først med Clara Gere som døydde i 1647, sidan med Barbara Grabow. Begge hustruane stamma frå Danmark. Han døydde i 1661.


=== Galtungslekta frå 1600-talet ===
=== Galtungslekta frå 1600-talet ===
   
   
I 1748 skulle det sendast inn ei melding om adelege etterkomarar i Noreg. Prost M. Ruus i
I 1748 skulle det sendast inn ei melding om adelege etterkomarar i Noreg. Prost M. Ruus i
Fjelberg veit då å fortelja: På Torsnes i Strandebarm budde der då ein Lars Galtung saman
Fjelberg veit då å fortelja: På [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]] i Strandebarm budde der då ein Lars Galtung saman
med kona si Blancheflor Catharine Orning og dei to sønene deira, Johan Daniel og Hans
med kona si Blancheflor Catharine Orning og dei to sønene deira, Johan Daniel og Hans
Christopher. Lars si syster Karen budde på Tysnes. Ein bror av han, Johan Vincens Galtung,
Christopher. Lars si syster Karen budde på Tysnes. Ein bror av han, Johan Vincens Galtung,
Linje 95: Linje 107:


== Brandvikætta ==
== Brandvikætta ==
Det er nemnd før at Herborg (dotter til Bård Sigurdsson og Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik, sjå under Galtætta) vart gift med Nils Ragnvaldsson, som så med henne fekk garden Store Brandvik på Stord. Nils Ragnvaldsson var truleg sjølv ein Galt, meiner Rasmus Høyland. Far hans skulle såleis ha vore Ragnvald Nilsson, som var riddar og riksråd og lagmann på Uppland (Gudbrandsdalen) kring 1450. Høyland nemner vidare at farbroren hans truleg var den Olav Nilsson til Talgøy som vart drepen i Bjørgvin i 1455 av hanseatane. Men det er slett ikkje sikkert at det var slik. Handegård peikar på at somme meiner at Nils Ragnvaldsson var ein soneson av den svenske heradsfuten Nils Guttormson, som er nemnd i Wåsbo 1425. Eit prov for dette er at heradsfuten og son til Nils Ragnvaldson på Torsnes - lagmannen Guttorm Nilsson - fører same våpnet. I 1453 budde Nils og Herborg på Store Brandvik,  men har vel straks etter flytta til Torsnes. I 1497 vart det halde eit storskifte på Torsnes, og begge må såleis ha døydd før den tid. Dei let etter seg tre søner: Guttorm, Gotskalk og Peter.
Det er nemnd før at Herborg (dotter til Bård Sigurdsson og Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik, sjå under Galtætta) vart gift med Nils Ragnvaldsson, som så med henne fekk garden Store Brandvik på Stord. Nils Ragnvaldsson var truleg sjølv ein Galt, meiner Rasmus Høyland. Far hans skulle såleis ha vore Ragnvald Nilsson, som var riddar og riksråd og lagmann på Uppland (Gudbrandsdalen) kring 1450. Høyland nemner vidare at farbroren hans truleg var den Olav Nilsson til Talgøy som vart drepen i Bjørgvin i 1455 av hanseatane. Men det er slett ikkje sikkert at det var slik. Handegård peikar på at somme meiner at Nils Ragnvaldsson var ein soneson av den svenske heradsfuten Nils Guttormson, som er nemnd i Wåsbo 1425. Eit prov for dette er at heradsfuten og son til Nils Ragnvaldson på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]] - lagmannen Guttorm Nilsson - fører same våpnet. I 1453 budde Nils og Herborg på Store Brandvik,  men har vel straks etter flytta til [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]]. I 1497 vart det halde eit storskifte på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]], og begge må såleis ha døydd før den tid. Dei let etter seg tre søner: Guttorm, Gotskalk og Peter.


=== Guttorm Nilsson ===
=== Guttorm Nilsson ===
Guttorm Nilsson var lagmann i Bjørgvin i 1530-åra (1509 - ca. 1540). Han var ein av dei som verka for å velja Kristian 3. til konge. Han budde ofte på Torsnes, der han eigde halve garden.  Av sønene hans er det ein som er nemnd som Nils Guttormsen på Tornes - han var ein lausingson.  
Guttorm Nilsson var lagmann i Bjørgvin i 1530-åra (1509 - ca. 1540). Han var ein av dei som verka for å velja Kristian 3. til konge. Han budde ofte på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]], der han eigde halve garden.  Av sønene hans er det ein som er nemnd som Nils Guttormsen på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]] - han var ein lausingson.  


Ein annan son var Jon Guttormsson. Han var den første evangeliske bisp i Stavanger (1514-57). Men han bad seg fri for bispeembetet, som han vel fann å vera noko brysamt just i den tida då katolisismen skulle ut og lutherdomen inn - med makt. Han ville heller vera berre domprost i Stavanger. Han var gift med Anna Eriksdotter, ei dotter til den Erik Ormsson som var gift med Kristine Torsteinsdotter på Vatne på Stord (av Smørsætta). Anna var såleis syster til den Erik Eriksson Orm som var gift med dotter til Christopher Rustung, og likeeins syster til den Elin som var gift med Jon Gautesson til Sveen, og som var mor til Erik Jonsson Brandvik (d. 1645). Jon Guttormsson døydde i 1567. Han hadde ein son som heitte Svale. Han budde på Malkenes i Tysnes, og var gift med Anna, dotter til den rike Hans Jørgensson på Onarheim.
Ein annan son var Jon Guttormsson. Han var den første evangeliske bisp i Stavanger (1514-57). Men han bad seg fri for bispeembetet, som han vel fann å vera noko brysamt just i den tida då katolisismen skulle ut og lutherdomen inn - med makt. Han ville heller vera berre domprost i Stavanger. Han var gift med Anna Eriksdotter, ei dotter til den Erik Ormsson som var gift med Kristine Torsteinsdotter på Vatne på Stord (av Smørsætta). Anna var såleis syster til den Erik Eriksson Orm som var gift med dotter til Christopher Rustung, og likeeins syster til den Elin som var gift med Jon Gautesson til Sveen, og som var mor til Erik Jonsson Brandvik (d. 1645). Jon Guttormsson døydde i 1567. Han hadde ein son som heitte Svale. Han budde på Malkenes i Tysnes, og var gift med Anna, dotter til den rike Hans Jørgensson på Onarheim.
Linje 105: Linje 117:


=== Odd Gotskalksson ===
=== Odd Gotskalksson ===
Ein av sønene hans var Odd Gotskalksson, fødd ca. 1500. Som ung var han mykje i Noreg hos farbroren Guttorm. På Island vart han difor kalla «Odd Norske». Si første geistlege undervisning fekk han i Bjørgvin. Sidan studerte han også i Tyskland, og vart der ein varm tilhengjar av lutherdomen. Ca. 1536 (Handegård opplyser at det var i 1520)  kom han attende til Island, og vart då skrivar hos bispen i Skålholt. Han var ein lærd og dugleg mann. Han sette om noko av bibelen til islandsk, i tillegg til skrifter av Luther. I 1539 let han Det nye testamente prenta i Roskilde, det er den første boka som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet kallar han seg  «Odtt Norske». Odd Gotskalksson har fått tilnamnet «Islands reformator», men heldt seg utanfor religionsstridane på Island. Då han seinare vart lagmann tok han seg også mykje  av kyrkjestellet på øya. Det var elles også fleire av Nils Ragnvaldsson sine slektningar som var bispar på Island. Bror hans Olav Ragnvaldsson var bisp i Holar i 37 år (1458-1495). Og ein farbror var også islandsk bisp. Den tredje sonen til Nils Ragnvaldsson, Peter Nilsson, budde på Torsnes. Han hadde ei dotter Herborg som var gift med lensmannen i Øystese, Torbjørn Olavsson Sandvin, hevdar Høyland. Handegård held derimot fram at Herborg må ha vore gift med far hans, Olav på Sandvin - Handegård peikar såleis på at dette vert stadfesta i eit diplom der ho er kalla godmor til Olav Torbjørnson på Sandvin. Dotter deira,  som også heitte Herborg, var gift med den før nemnde Johannes Lauritsson på Valen.
Ein av sønene hans var Odd Gotskalksson, fødd ca. 1500. Som ung var han mykje i Noreg hos farbroren Guttorm. På Island vart han difor kalla «Odd Norske». Si første geistlege undervisning fekk han i Bjørgvin. Sidan studerte han også i Tyskland, og vart der ein varm tilhengjar av lutherdomen. Ca. 1536 (Handegård opplyser at det var i 1520)  kom han attende til Island, og vart då skrivar hos bispen i Skålholt. Han var ein lærd og dugleg mann. Han sette om noko av bibelen til islandsk, i tillegg til skrifter av Luther. I 1539 let han Det nye testamente prenta i Roskilde, det er den første boka som er prenta på norrønt mål. På tittelbladet kallar han seg  «Odtt Norske». Odd Gotskalksson har fått tilnamnet «Islands reformator», men heldt seg utanfor religionsstridane på Island. Då han seinare vart lagmann tok han seg også mykje  av kyrkjestellet på øya. Det var elles også fleire av Nils Ragnvaldsson sine slektningar som var bispar på Island. Bror hans Olav Ragnvaldsson var bisp i Holar i 37 år (1458-1495). Og ein farbror var også islandsk bisp. Den tredje sonen til Nils Ragnvaldsson, Peter Nilsson, budde på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]]. Han hadde ei dotter Herborg som var gift med lensmannen i Øystese, Torbjørn Olavsson Sandvin, hevdar Høyland. Handegård held derimot fram at Herborg må ha vore gift med far hans, Olav på Sandvin - Handegård peikar såleis på at dette vert stadfesta i eit diplom der ho er kalla godmor til Olav Torbjørnson på Sandvin. Dotter deira,  som også heitte Herborg, var gift med den før nemnde Johannes Lauritsson på Valen.


== Ormætta ==
== Ormætta ==
Linje 119: Linje 131:


=== Orm Eriksson ===
=== Orm Eriksson ===
Frå 1400-talet kjenner me to brør med Orm-namnet. Det er Tord Ormsson som var prest i Stavanger. Og så Erik Ormsson. Denne hadde ein son,  Orm Eriksson, som var borgarmeister i Stavanger, og som var gift med Astrid (dotter til Gyrid Bårdsdotter på Torsnes i Jondal, og såleis ei dotterdotter til Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik). Han åtte mykje jordegods i Ryfylke, og var ei tid også lagmann der. Dei første åra på 1500-talet var det fleire bondeopprør i Hordaland og Ryfylke for skuld dei tunge skattane som vart kravde inn då. Orm som stod på bøndene si sida, vart skulda for å vera ein av hovudmennene for desse opprøra. For det vart han hengd i Stavanger i 1521.  
Frå 1400-talet kjenner me to brør med Orm-namnet. Det er Tord Ormsson som var prest i Stavanger. Og så Erik Ormsson. Denne hadde ein son,  Orm Eriksson, som var borgarmeister i Stavanger, og som var gift med Astrid (dotter til Gyrid Bårdsdotter på [[Torsnes (Jondal)|Torsnes]] i Jondal, og såleis ei dotterdotter til Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik). Han åtte mykje jordegods i Ryfylke, og var ei tid også lagmann der. Dei første åra på 1500-talet var det fleire bondeopprør i Hordaland og Ryfylke for skuld dei tunge skattane som vart kravde inn då. Orm som stod på bøndene si sida, vart skulda for å vera ein av hovudmennene for desse opprøra. For det vart han hengd i Stavanger i 1521.  


=== Erik Ormsson ===
=== Erik Ormsson ===
Linje 192: Linje 204:


=== Enno Brandrøk ===
=== Enno Brandrøk ===
Av Christopher Rustung sine born veit me om ein son og  sju døtre. Sonen Enno Brandrøk vart fødd i Emden i Austfrisland i 1538, året etter faren reiste til Nederland med erkebispen. Og då faren var vorten forlikt med danskekongen, vart Enno sett til uppfostring i Ebelholt kloster i Danmark. Men guten sin utferdshug gjorde seg tidleg gjeldande. Alt i femtanårs-alderen var han pasje hos ein av dei fremste krigshovdingane i Europa, Moritz av Sachsen, og var også med i krigen. I eit slag i 1553 vart han teken til fange. Men alt året etter er han å finna i Ungarn, og er der med i krigen mot tyrkane. Ei tid deretter att er han i Spania som «landsknekt». Og berre 20 år gammal er han med i krigen mot Ditmarsken. Så bryt den nordiske sjuårskrigen laus i 1563. Og der er han sjølvsagt med. Men då far hans var død (1570), ser ein at Enno bryt med danskekongen. Og han freista endå på å få Noreg til å gjera opprør mot daneveldet. Grunnen til dette veit me ikkje. Kan hende var det strid om farsarven. Men det kan også vera at han som ætling av norsk adel tok til å få augene opp for den nasjonale skaden det var for Noreg med det danske styret. Og då er det han vender seg til Sverige om hjelp til å driva alt dansk ut av Noregs land. Han byr seg sjølv til å gjera opprør, om han berre kan få Sverige sin stønad. Og han let seg lyda med at heile den norske adelen vil vera med på dette, og seier at dei ville «straks gribe de danske befalingsmænd og sende dem fangne til Sverige, samt ihelslå alle de judiske runt om i landet».
Av Christopher Rustung sine born veit me om ein son og  sju døtre. Sonen Enno Brandrøk vart fødd i Emden i Austfrisland i 1538, året etter faren reiste til Nederland med erkebispen. Og då faren var vorten forlikt med danskekongen, vart Enno sett til uppfostring i Ebelholt kloster i Danmark. Men guten sin utferdshug gjorde seg tidleg gjeldande. Alt i femtanårs-alderen var han pasje hos ein av dei fremste krigshovdingane i Europa, Moritz av Sachsen, og var også med i krigen. I eit slag i 1553 vart han teken til fange. Men alt året etter er han å finna i Ungarn, og er der med i krigen mot tyrkane. Ei tid deretter att er han i Spania som «[[landsknekt]]». Og berre 20 år gammal er han med i krigen mot Ditmarsken. Så bryt den nordiske sjuårskrigen laus i 1563. Og der er han sjølvsagt med. Men då far hans var død (1570), ser ein at Enno bryt med danskekongen. Og han freista endå på å få Noreg til å gjera opprør mot daneveldet. Grunnen til dette veit me ikkje. Kan hende var det strid om farsarven. Men det kan også vera at han som ætling av norsk adel tok til å få augene opp for den nasjonale skaden det var for Noreg med det danske styret. Og då er det han vender seg til Sverige om hjelp til å driva alt dansk ut av Noregs land. Han byr seg sjølv til å gjera opprør, om han berre kan få Sverige sin stønad. Og han let seg lyda med at heile den norske adelen vil vera med på dette, og seier at dei ville «straks gribe de danske befalingsmænd og sende dem fangne til Sverige, samt ihelslå alle de judiske runt om i landet».


Mellom dei norske adelsmenn som ein kunne rekna med nemner han serleg dei to svograne sine Erik Orm på Vatne og Amund Lauritsson Sandviken. Vidare nemner han også Jon Guttormsson i Stavanger og Jon Gautesson til Sveen. Han hadde fått syskenbarnet sitt, den unge Johannes Lauritssen på Valen, med seg til Sverige. Og så fekk han då han til å gå til Noreg med brev om dette som han no hadde fore. Men det synte seg når det kom til stykket, så var det likevel ingen av skyldfolket hans i Sunnhordland som ville vera med på eit slikt tiltak. Og for Johannes Lauritsson såg det stygt ut. Han vart sett fast på Bergenhus. Men han berga då livet med å «betale hundrede daler for sin hals».
Mellom dei norske adelsmenn som ein kunne rekna med nemner han serleg dei to svograne sine Erik Orm på Vatne og Amund Lauritsson Sandviken. Vidare nemner han også Jon Guttormsson i Stavanger og Jon Gautesson til Sveen. Han hadde fått syskenbarnet sitt, den unge Johannes Lauritssen på Valen, med seg til Sverige. Og så fekk han då han til å gå til Noreg med brev om dette som han no hadde fore. Men det synte seg når det kom til stykket, så var det likevel ingen av skyldfolket hans i Sunnhordland som ville vera med på eit slikt tiltak. Og for Johannes Lauritsson såg det stygt ut. Han vart sett fast på Bergenhus. Men han berga då livet med å «betale hundrede daler for sin hals».
Linje 205: Linje 217:
Dei sju døtrene til Christopher Rustung var alle godt gifte. Og mest alle med adelsmenn. Maren var gift med Oluf Jonsson Theiste på Bjelland i Kvinnherad. Magdalena var gift med Erik Eriksson Orm til Vatne på Stord. Ho var såleis mor til den Anna Orm, som vart gift med Otte Thomassen Orning, og bestemor til dei to admiralane Laurits Galtung og Bernt Orning. Margreta var først gift med den danske adelsmannen Jørgen Pedersson Stour på Nervik i Ølen, og sidan med Amund Lauritsson (Dal) til Sandviken i Kvinnherad. I første ekteskap hadde ho ei dotter Bodil, som vart gift med Hans Jørgensson på Onarheim i Tysnes. Han var av den gamle Onarheimsætta, og var som jordeigar ein av dei rikaste menn i Sunnhordland.
Dei sju døtrene til Christopher Rustung var alle godt gifte. Og mest alle med adelsmenn. Maren var gift med Oluf Jonsson Theiste på Bjelland i Kvinnherad. Magdalena var gift med Erik Eriksson Orm til Vatne på Stord. Ho var såleis mor til den Anna Orm, som vart gift med Otte Thomassen Orning, og bestemor til dei to admiralane Laurits Galtung og Bernt Orning. Margreta var først gift med den danske adelsmannen Jørgen Pedersson Stour på Nervik i Ølen, og sidan med Amund Lauritsson (Dal) til Sandviken i Kvinnherad. I første ekteskap hadde ho ei dotter Bodil, som vart gift med Hans Jørgensson på Onarheim i Tysnes. Han var av den gamle Onarheimsætta, og var som jordeigar ein av dei rikaste menn i Sunnhordland.


Anna var gift med den skotske James Hepburn, jarl av Bothwell. Men han reiste frå henne att, og vart sidan gift med sjølve dronninga av Skottland, den namngjetne Maria Stuart. Anna, som etter dette giftarmålet vart kalla «skottefrua» , kom heimatt til Noreg. Og ho fekk seinare Hatteberg i Kvinnherad til å bu på.
Anna var trulova med den skotske James Hepburn, jarl av Bothwell. Men han reiste frå henne att, og vart sidan gift med sjølve dronninga av Skottland, den namngjetne Maria Stuart. Anna, som etter dette giftarmålet vart kalla «skottefrua» , kom heimatt til Noreg. Og ho fekk seinare Hatteberg i Kvinnherad til å bu på.


=== Rosendal baroni ===
=== Rosendal baroni ===
Linje 222: Linje 234:


Odd Handegård viser til flg. referansar (i samband med det materialet som er teke med i denne framstillinga):
Odd Handegård viser til flg. referansar (i samband med det materialet som er teke med i denne framstillinga):
*Galtung, Johan E.: Galtungslekten i fortid og nutid. 1948 - 1974 - 1997. Eget forlag.
*Galtung, Johan E.: ''Galtungslekten i fortid og nutid. 1948 - 1974 - 1997.'' Eget forlag.
*Lihaug, Elin Galtung -  Johan E. Galtung: «Galtungslekten i fortid og nutid». 1947,  ny utgave i 1997 v/Elin Galtung Lihaug.
*Lihaug, Elin Galtung -  Johan E. Galtung: ''Galtungslekten i fortid og nutid''. 1947,  ny utgave i 1997 v/Elin Galtung Lihaug.
*Magerøy, Hallvard: Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset. Historisk Tidsskrift nr. 2/88.
*Magerøy, Hallvard: «Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset.» ''[[Historisk Tidsskrift]]'' nr. 2/88.
*Steinnes, Asgaut: Nokre Galtungproblem. Norsk  Slektshistorisk Tidsskrift XVIII 1962.
*Steinnes, Asgaut: «Nokre Galtungproblem.» ''Norsk  Slektshistorisk Tidsskrift'' XVIII 1962.
*Henning Sollied: Norsk slektshistorisk tidsskrift 1930, b. II
*Henning Sollied: ''Norsk slektshistorisk tidsskrift'' 1930, b. II
*Ugulen, Jo Rune: Kring ætta på Ornes og Mel i mellomalderen, samt noko om Rane Jonssons etterkomarar og slekta Hjärne. NST nr. 1/2004
*Ugulen, Jo Rune: «Kring ætta på Ornes og Mel i mellomalderen, samt noko om Rane Jonssons etterkomarar og slekta Hjärne.» ''NST'' nr. 1/2004
*Velde, Berge: Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter. Eige forlag 1957.
*Velde, Berge: ''Slektene Velde og Espeland og inngiftede slekter.'' Eige forlag 1957.
 


[[kategori:slektshistorie]]
[[Kategori:Slekter]]
[[kategori:adelige slekter]]
[[Kategori:Adel]]
[[kategori:Sunnhordland]]
[[kategori:Sunnhordland]]
[[Kategori:F1]]
{{F1}}
{{nn}}

Navigasjonsmeny