Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 77: Linje 77:
Sonen deira var Laurits Johannesson (1587 - 1689) på Torsnes. Han var fut over Halsnøy Kloster og Hardanger len, og var også sjølv eigar av mykje jordegods. Han var gift med Lisbette Orning, dotter til generaladmiral Erik Ottesson Orning på Vatne på Stord. Også dette giftarmålet syner kor høgt ho var i vørdnad enno, denne ætta. Dei hadde mange born desse to. Det var minst åtte i alt, to søner og seks døtre. Alle døtrene var gift med prestar. Ei av dei, Magdalena, vart gift med Rasmus Pedersson, sokneprest i Strandebarm 1648-76. Og ein sonesons son var den Rasmus Rasmusson som i 1759 kjøpte Søre Tveita på Stord og vart buande der. Dei to sønene der var Johan og Lauritz. Johan døydde ugift. Det Laurits Johannesson har vorte mest kjend for i ettertid - i tillegg til at han var far til admiral Lauritz Lauritsson (Galtung) som vart adla i 1648 (sjå nedanf.) - var at han stod i eit utanomekteskapeleg forhold til kona si tremenning Margrete, som truleg var ei dotterdotter av  Dorothea Kristoffersdotter (Rustung) og James Stuart  på Steine i Steinsdalen i Kvam.

=== Laurits Galtung ===
=== Lauritz Galtung ===

Laurits var fødd ca. 1612, og han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. Men to år etter laut han røma or landet, avdi han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfest på nytt, og fekk då namnet endra til Galtung. Han var to gonger gift. Først med Clara Gere som døydde i 1645, og sidan med Barbara Grabow. Han døydde i 1661, enno i sin beste alder.
Lauritz var fødd ca. 1615. Han var ein av dei fremste sjøoffiserane på 1600-talet. Alt i 1641 vart han skipsbefalingsmann. To år seinare vart han tvungen til å røma frå landet, etter at han hadde drepe den unge Axel Mouatt, søskenbarnet sitt, i ein duell. Han fekk likevel koma heimatt nokså snart, og i 1657 finn me han som admiral og eskadresjef for ein del av flåten. Som løn for dugeleg teneste fekk han Lister len "kvitt og fritt", d.v.s. med alle kongelege inntekter. Han fekk også sitt adelsskap stadfesta på nytt - «med skjold og hjelm som han og hans forfedre tilforn hadde brukt og ført" - og fekk då namnet endra til Galtung. Namnet "Galtung" vert med dette nytta for fyrste gongen i den yngre Galtung-slekta. Lauritz førte vidare det gamle våpenet til Galtung-slekta, som forfedrane hans hadde nytta - eit springande villsvin. Lauritz var gift to gonger - først med Clara Gere som døydde i 1645, sidan med Barbara Grabow. Begge hustruane stamma frå Danmark. Han døydde i 1661.

=== Galtung-slekta på 1700-talet ===
=== Galtung-slekta på 1700-talet ===
Skribenter
1 575

redigeringer