Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 95: Linje 95:


== Brandvikætta ==
== Brandvikætta ==
Det er nemnt før at Herborg (dotter til Bård Sigurdsson og Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik) vart gift med ein Nils Ragnvaldsson, som så med henne fekk Brandvik. Nils Ragnvaldsson var truleg sjølv ein Galt. Far hans var Ragnvald Nilsson som var riddar og riksråd, og som var lagmann på Uppland ikring 1450. Og farbror hans var truleg den Olav Nilsson til Talgøy som vart drepen i Bjørgvin i 1455 av hanseatane. Om Nils sjølv veit me ikkje stort. Utanom Brandvik åtte han også elles jordegods. Og mellom dette også ein part i Tornes. Han døydde i 1490. Og let etter seg fleire søner, som me veit noko meir om. Det var Guttorm, Gotskalk og Peter.
Det er nemnd før at Herborg (dotter til Bård Sigurdsson og Gyrid Torbergsdotter frå Brandvik, sjå under Galtætta) vart gift med Nils Ragnvaldsson, som så med henne fekk garden Store Brandvik på Stord. Nils Ragnvaldsson var truleg sjølv ein Galt, meiner Rasmus Høyland. Far hans skulle såleis ha vore Ragnvald Nilsson, som var riddar og riksråd og lagmann på Uppland (Gudbrandsdalen) kring 1450. Høyland nemner vidare at farbroren hans truleg var den Olav Nilsson til Talgøy som vart drepen i Bjørgvin i 1455 av hanseatane. Men det er slett ikkje sikkert at det var slik. Handegård peikar på at somme meiner at Nils Ragnvaldsson var ein soneson av den svenske heradsfuten Nils Guttormson, som er nemnd i Wåsbo 1425. Eit prov for dette er at heradsfuten og son til Nils Ragnvaldson på Torsnes - lagmannen Guttorm Nilsson - fører same våpnet. I 1453 budde Nils og Herborg på Store Brandvik,  men har vel straks etter flytta til Torsnes. I 1497 vart det halde eit storskifte på Torsnes, og begge må såleis ha døydd før den tid. Dei let etter seg tre søner: Guttorm, Gotskalk og Peter.


=== Guttorm Nilsson ===
=== Guttorm Nilsson ===
Skribenter
1 575

redigeringer