Sunnhordlandsætter: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 98: Linje 98:


=== Guttorm Nilsson ===
=== Guttorm Nilsson ===
Guttorm Nilsson var lagmann i Bjørgvin i 1530-åra. Og han var ein av dei som verka for å velja Kristian 3. til konge. Av sønene hans er det ein som er nemnd som Nils Guttormsen på Tornes. Og ein annan son hans var Jon Guttormsson. Han var den første evangeliske bisp i Stavanger (1514-57). Men han bad seg fri for bispeembetet, som han vel fann å vera noko brysamt just i den tida då katolisismen skulle ut og lutherdomen inn - med makt. Han ville heller vera berre domprost i Stavanger. Han var gift med Anna Eriksdotter, ei dotter til den Erik Ormsson som var gift med Kristine Torsteinsdotter på Vatne på Stord (av Smørsætta). Ho (Anna) var såleis syster til den Erik Eriksson Orm som var gift med dotter til Christopher Rustung, og likeeins syster til den Elin som var gift med Jon Gautesson til Sveen, og som var mor til Erik Jonsson Brandvik (d. 1645). Jon Guttormsson døydde i 1567. Han hadde ein son som heitte Svale. Han budde på Malkenes i Tysnes, og var gift med Anna, dotter til den rike Hans Jørgensson på Onarheim.
Guttorm Nilsson var lagmann i Bjørgvin i 1530-åra (1509 - ca. 1540). Han var ein av dei som verka for å velja Kristian 3. til konge. Han budde ofte på Torsnes, der han eigde halve garden.  Av sønene hans er det ein som er nemnd som Nils Guttormsen på Tornes - han var ein lausingson.  


Den andre sonen til Nils Ragnvaldsson og Herborg, Gotskalk Nilsson, var bisp i Holar på Island. Han åtte jordegods i Sunnhordland, venteleg som arv etter foreldra sine. Men elles var han no kjend for det at han vann seg gods både her og der. Professor Keyser seier om han, at han var "virksom til at berige både bispestolen og sig selv". Han var ein noko hard og stri mann. Han sette folk i bann og la dei i store bøter som han dreiv hardt inn. Og ved dette fekk han mange uvener. Ein av desse var ein Jon Sigmundsson som hadde vore ein rik og velvyrd lagmann på Island, men som bispen hadde vore så hard med at han var komen reint i armod. Om denne Jon heiter det, at då han låg for døden stemnde han bispen inn for Guds domstol til å svara for si åtferd. Dette fekk bispen høyra ei tid etter i eit gjestebod. Og det tok han så hardt, seiast det, at han med eitt reiste seg frå bordet og gjekk heim, der han vart sjuk og døydde straks etter.
Ein annan son var Jon Guttormsson. Han var den første evangeliske bisp i Stavanger (1514-57). Men han bad seg fri for bispeembetet, som han vel fann å vera noko brysamt just i den tida då katolisismen skulle ut og lutherdomen inn - med makt. Han ville heller vera berre domprost i Stavanger. Han var gift med Anna Eriksdotter, ei dotter til den Erik Ormsson som var gift med Kristine Torsteinsdotter på Vatne på Stord (av Smørsætta). Anna var såleis syster til den Erik Eriksson Orm som var gift med dotter til Christopher Rustung, og likeeins syster til den Elin som var gift med Jon Gautesson til Sveen, og som var mor til Erik Jonsson Brandvik (d. 1645). Jon Guttormsson døydde i 1567. Han hadde ein son som heitte Svale. Han budde på Malkenes i Tysnes, og var gift med Anna, dotter til den rike Hans Jørgensson på Onarheim.
 
Den andre sonen til Nils Ragnvaldsson og Herborg, Gotskalk Nilsson, var bisp i Holar på Island. Han eigde jordegods i Sunnhordland, venteleg som arv etter foreldra sine. Men elles var han no kjend for det at han vann seg gods både her og der. Rasmus Høyland viser til eit sitat om at Gotskalk var "virksom til at berige både bispestolen og sig selv". Han fekk såleis tilnamnet «Gotskalk den grimme», etersom han var pengegrisk og samla seg store rikdommar. Gotskalk var ein hard og stri mann. Han sette folk i bann og la dei i store bøter som han dreiv hardt inn. Og på grunn av dette fekk han mange uvener. Ein av desse var ein Jon Sigmundsson som hadde vore ein rik og velvyrd lagmann på Island, men som bispen hadde vore så hard med at han var komen reint i armod. Om denne Jon heiter det, at då han låg for døden stemnde han bispen inn for Guds domstol til å svara for si åtferd. Dette fekk bispen høyra ei tid etter i eit gjestebod. Og det tok han så hardt, seiast det, at han med eitt reiste seg frå bordet og gjekk heim, der han vart sjuk og døydde straks etter.


=== Odd Gotskalksson ===
=== Odd Gotskalksson ===
Skribenter
1 575

redigeringer