Sunnmøre Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 2. feb. 2016 kl. 13:15 av Olve Utne (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnmøre Historielag vart stifta på eit møte i Avholdshjemmet i Ålesund 17. februar 1909 der 66 personar møtte fram. Namnet vart etter ein viss strid om målform «Søndmør Historiske forening», og 40 personar teikna seg som medlemer ved oppstarten.

Første formannen i laget var sokneprest Anders Halvorsen. Med seg i styret fekk han P. A. Lillebø, H. Vartdal, Jon Aasen, Johan Seland, Gregor Barman og Johan Daae. Daae overtok som leiar året etter stiftinga.

Allereie året etter, i 1910, kom det første nummeret av tidsskriftet for laget ut, og i 1911 arrangerte laget 1000-årsmarkering for erobringane til Gange-Rolv med tusenvis av deltakarar. I 1915 arrangerte dei historisk stemne på Giske med kring 3000 deltakarar.

Tidsskriftet heiter i dag Årbok for Sunnmøre. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag og kom i 2009 ut med 85. årgang. Utgjevarar no er Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum i tillegg til historielaget.

Ekstern lenke