Svein Helgheim

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. des. 2015 kl. 14:21 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Svein Helgheim''' var ordførar i Sykkylven frå 1987 til 1999. Perioden 1991 - 1995 delte han ordførarvervet med Arnold Weiberg-Aurdal som sat som ordførar i åra 1991 og 1992....)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svein Helgheim var ordførar i Sykkylven frå 1987 til 1999. Perioden 1991 - 1995 delte han ordførarvervet med Arnold Weiberg-Aurdal som sat som ordførar i åra 1991 og 1992.

Svein Helgheim var fødd i Jølster i Sunnfjord og kom til Sykkylven etter at han hadde teke utdanning som lærar. Han var i mange år lærar, og seinare rektor, ved Vik skule.

Helgheim engasjerte seg mykje i Friundervisninga i Sykkylven, og var leiar i Friundervisninga då den vidaregående skulen i Sykkylven vart skipa, dels ved hjelp av kurs i regi av friundervisninga.

Som politikar representerte han Høgre. Han kom første gongen inn i kommunestyret i 1980, og sat der fram til 1999. Han heldt fram med samfunnsinnsats også etter at han gjekk ut av kommunestyret. mellom anna var han ei årrekkje styreleiar i Aure omsorgsbustader.

Kjelder:

  • Jon Hole/Mindor Hjellegjerde: Sykkylven kommune - Sykkylven kyrkje 1883 - 1983. Sykkylven 1983.
  • Eldar Høidal: Sykkylven vidaregåande skule 25 år 1974 - 1999. Sykkylven 1999.