Sykkylven Rotaryklubb

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. feb. 2016 kl. 09:58 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Sykkylven Rotaryklubb er ei foreining i Sykkylven som er ein del av den internasjonale Rotary-organisasjonen. Foreininga vart skipa i 1956 og naboklubben Ålesund Rotaryklubb var ein vik...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven Rotaryklubb er ei foreining i Sykkylven som er ein del av den internasjonale Rotary-organisasjonen. Foreininga vart skipa i 1956 og naboklubben Ålesund Rotaryklubb var ein viktig støttespelar for å få foreininga etablert.

Dei første to åra hadde rotaryklubben møta sine i kommunestyresalen i det nye kommunehuset. Det kom reaksjonar mot at eit kukka lag brukte kommunestyresalen på denne måten, så i 1958 vart møta flytta over til Sykkylven Sparebank sine lokale. Dei hadde tidlegare vore kommunestyrelokale.

Det har lenge vore ein fast struktur på rotarymøta. Dei startar med korte orienteringar om drifta av organisasjonen generelt. Sidan 1960 har foreninga hatt ein kort treminutts sekvens der medlemene på omgang presenterer eit sjølvvald tema. Så er det matykt og song, før det vert opna for ei lengre orientering, gjerne frå ein invitert føredraghshaldar. Kkubben legg vekt på at medlemmene skal vere oppdaterte om slik som røyver seg i samfunnslivet på ulike område. Likevel er det ein uskriven regel i laget at ein skal unngå diskusjonar om religion og politikk.

Rotaryklubbane hadde dei første åra berre mannlege medlemer, men som føredragshaldarar var kvinnene velkomne. Anna Eidsvik Tandstad, kona til klubbmedlem Bernt Tandstad, var i 1960 den første kvinnelege kåsøren i klubben. Ho var mellom anna innom temaet "husmorlønn" som i følgje referatet gav opptakta til ein humørfylt diskusjon. Frå om lag 2000 har det vore ope for kvinner å bli medlem i klubben.

Føremålet til Sykkylven Rotaryklubb er todelt, går det fram av eit attersyn som medlem i foreininga Ove Straumsheim heldt då klubben høgtida 60-årsdagen sin, i februar 2016: Ein vil ha ein møteplass der medlemene kan utvikle seg som medmenneske og samfunnsborgar og samstundes vil klubben vere ein organisasjonen som er til nytte for andre. Klubben var sentral då våningshuset på Lånagarden på Vik vart flytta til Sunnmøre Museum, Borgundgavlen. Dette prosjektet vart første gongen nemnt i møteboka i 1964. Foreininga har også hatt ein praksis med å ta i mot utvekslingsstudentar. Medlemene har sørga for at studentane, i første rekkje frå USA, har fått bustad, mat og annan oppfølgjing. Elevar frå Sykkylven har blitt sende andre vegen. Sidan 1993 har klubben organisert ei besøksteneste på Sykkylven Bu- og aktivitetssenter.